Etter at ein særdeles anonym Bjoabu skrapte seg 50.000 kroner rikare i slutten av forrige veke, har butikken på Buo opplevd den reinaste skrapesjuken. Omsetninga av skrapelodd har dei siste dagane vore om lag det doble av normalen.
Kun kort tid etter at ryktet om gevinsten spredde seg var dei utselde for den typen lodd som ga gevinst. I mellomtida har folk tatt grundig for seg av dei andre skrapeloddtypene, uten at det er meldt om fleire store pottar.
I dag kom "gromlodda" i ny ladning til Buo, og Vigdis Svendsbø i butikken kan fortelle at dei på få timar har selt 40 lodd av desse.
Så får ein berre vente og sjå om det i nær framtid ljomar nye gevinstbrøl utover kaia på Innbjoa.