Resultatet av det tre år lange bygdeutviklingsprosjektet på Bjoa er oppsummert her.
Et strålende resultat både med tanke på utvikling og markedsføring av bygda, og ikke minst innhenting av økonomiske midler til gjennomføringen av det hele.
Rapporten:
Saksnr. B.U. 12/2001 (FMLA-Hordaland)/Søknadsnr. 982 302 943
Tidlegare innleverte rapportar:
Årsrapport for 2001 (dato 01.02.2002)
Årsrapport for 2002 (dato 19.02.2003)
Årsrapport for 2003 (dato 20.03.2004)
Relaterte prosjekt:
- Julemarknad ( BU-sak 2003/008-T), gjennomført som eige prosjekt des.2002
- Bygdeutviklingskonferansen ”Trivsel og suksess i BygdeNorge”
(Gjennomført som eige prosjekt 4.-5. september 2004).
Det er sendt inn eigne prosjektrapportar for desse prosjekta, men aktiviteten i desse er innarbeidd i den vedlagde økonomiske rapporten
* * * * * * *
Det vert vist til tidlegare innsende årsrapportar når det gjeld innhald og aktivitetar i prosjektet. Denne sluttrapporten vil ta føre seg dei større linjene i prosjektet, gi ei vurdering av kva verdi prosjektet har hatt for bygda og peike på vegen vidare.
Kva har vi lukkast med?
Bygdeutviklingsprosjektet si målsetjing er i prosjektomtalen uttrykt slik:
”Målet for prosjektarbeidet i BBU er å driva framtidsretta bygdeutvikling, med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår, for å bidra til at Bjoa skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn. (…..)”
Dei årlege prosjektrapportane gir eit bilete på kva aktivitetar og tiltak som er gjennomførte i regi av Bygdeutviklingslaget(BBU).
Slike tiltak er til dømes:
• Merking av turløyper
• Fjellturar med turleiar
• Utarbeiding av enkel infobrosjyre om turløyper
• Swingkurs og dansearrangement
• ”Linkeparty”
• St.Hansfeiring i Gardavikjo
• Konsulentbistand til etablerarar
• Merkevarebygging av Bjoa
• Bjoalogo
• Kurs i oppdeling og vidareforedling av lam
• Kurs i tradisjonsrikt kjøtpålegg
• Etablering av julemarknad
• Studieturar/kursdeltaking innan tursime, bygdeutvikling, bedriftsbesøk, Grøn Omsorg
• Pensjonistlunsj
• Oppussing av Gardavikhytta
• Oppussing av Helsestasjonen
• Bygdeutviklingskonferanse
Desse og andre konkrete tiltak kan ein lesa meir utførleg om i årsrapportane.
Prosjektarbeidet har vist at kombinasjonen mellom deltaking på friviljug basis kombinert med noko betalt arbeid (prosessleiar) har gitt høve til å gi oppfølging og hjelp til aktiviteter og tiltak i prosjektet.
Organiseringa med prosjektstyre som retningsgivande for prosjektutviklinga har fungert godt. Nært samarbeid mellom styreleiar, økonomiansvarleg og prosessleiar har løyst daglege spørsmål, medan styremøter har blitt forelagt retningsgivande spørsmål, drøfta innspel og idear og tatt vegval ved større spørsmål.
Vi har lukkast med å utvikla rolla som initiativtakar og koordinerande ledd i høve til tiltak som krev innsats frå fleire instansar. Her kan nemnast samarbeid mellom
• bygda, kommunen og SND (IN) omkring temamøter, bedriftbesøk m.m.
• kommunen, Nord Rogaland og Sunnhordland friluftsråd, Grendautvalet og BBU i høve til utvikling av friluftsområdet Gardavik.
• kommunen og BBU omkring utbetring av Kulturstien på Utbjoa
• kommunen, FMLA, sjølvstendige fagpersonar og BBU omkring
Bygdeutviklingskonferansen sept. 2004.
BBU har i prosjektet lagt vekt på å bygge opp under ei felles identitetskjensle i bygda. Dette kjem mellom anna til uttrykk ved at det i prosjektperioden er framstilt eigen logo og slagord for Bjoa, (Bjoa, ei bygd å bli glad i).
Å stå saman og presentere seg i fellesskap som kan gi noko meir enn om ein står aleine, er noko vi har fått til på ein vellukka måte ved fleire høve. Det har gitt synleg respons hos andre m.a. då Bjoa var vertskap og tilretteleggjar for møte mellom SND og kommunale instansar, næringsliv og andre i april 2002.
Vidare blei det kommentert ved opninga av ”Inn på tunet”-konferansen i Rogaland april 8.-9-april 2003 at Bjoa var den bygda i Rogaland som hadde størst representasjon på konferansen. Det blei heller ikkje oversett då verksemder frå Bjoa hadde felles stand og identitet med Bjoaforklær og Bjoa-skjorter på Kjøttfestivalen i Ølen 2004.
Vidare er utgiving av informasjonbladet ”Bjoabuen” tatt godt imot. Dette kjem fram m.a. ved at meir enn 120 husstander har betalt bladpengar for 2004 etter at redaksjonen gjekk ut og ba om dette.
Bjoa har også oppnådd stor merksemd i høve til den aktive nettsida www.bjoanett.no I løpet av prosjektperioden har BBU overtatt driftsansvaret for denne nettstaden og arbeidet med bjoanett er utvikla m.a. gjennom at det no er ein fast redaktør for nettstaden. Bjoanett fungerer som ei elektronisk oppslagstavle for intern informasjon i bygda, det er ein stad utflytta Bjoabuar kan hente aktuell informasjon og det er oppdatert aktivitetskalender for arrangement i bygda. I tillegg har Bjoanett diskusjonsforum, aktuelle artiklar, gjestebok, aktuelle linker m.m.
Når det gjeld aktivitet ut over det som har gått i regi av BBU, er det sjølvsagt vanskeleg å måla i kva grad Bu-prosjektet har vore medvirkande til desse aktivitetane. Det vi likevel erfarer er at bygda vår i prosjektperioden har hatt positiv utvikling i høve til
• Utanforståande ”veit om” Bjoa i større grad enn før
• Oftare presseomtale relatert til Bjoa
• Etableringar og vidareutvikling av frå før eksisterande ”mikroverksemder”
• God aktivitet i høve til Nettverkskredittordninga (Snd/Inovasjon Norge)
• Tilflytting til bygda
• Utanbygds folk tek i større grad del i arrangement som blir arrangert av bygda sjølv og arrangement som andre legg til Bjoa (St.Hansfeiring, julemarknad, Hordakyststemnet 2004, BU-konferansen 2004)
• Vår eiga kjensle av å identifisera oss med og vera stolte av bygda vår.
Kva har vi ikkje lukkast med?
I utgangspunktet var lag og organisasjonar representerte i dei ulike temagruppene, men dette har ikkje fungert som det bindeleddet vi hadde ønska i høve til intensjonen om å skape ein felles arena og eit samarbeidsrom mellom desse ulike aktørane. Vi har ikkje vurdert om dette skuldast at vi ikkje har greidd å formidle intensjonane og moglegheitene godt nok, eller om det er eit bevisst val frå lag og organisasjonar at dei ikkje har involvert seg.
Arbeidet med å engasjere ungdommar i prosjektet har heller ikkje vore det mest vellukka. Sjølv om nokre prosjekt og aktivitetar har hatt brukbar ungdomsdeltaking, er det i arbeidet med å engasjere ungdommane vi har slitt mest. Det har vore vanskeleg å få ungdommane med som deltakarar i temagruppene. Vi har prøvd å leggje til rette for mogleg engasjement frå ungdomsgruppa, men har berre i nokon grad lukkast med dette (linkeparty er vel det beste døme).
Det kan vera mange grunnar til at ungdommen ikkje er så lette å få med. Det kan vera måten vi presenterer og informerer på, men det kan og henge saman med at ungdommen reiser ut av bygda tidlegare enn før. Dermed får dei ikkje så nær tilknyting til bygda som før (ungdomsskulen vart lagt ned våren 2000). Bortfall av ungdomsskulen har hatt direkte innverknad på nedgang i medlemsstalet i organisasjonen 4H, samt at fleire av Idrettslaget sine aktiviteter har måtte slutte av (m.a. volleyball og basketball).
Kva utfordringar ser vi vidare?
Korleis blir framtida?
Samfunnsutvikling er ein kontinuerleg prosess på alle nivå. Den noverande trend med sentralisering av busetnad, handel og tenesteytande næringar, slanking av kommunale tenester og rasjonalisering i landbruket ser ut til å halde fram.
Satsing på bygdeutvikling lokalt er i tråd med regjeringa si satsing på Landbruk Pluss der to av målene har følgende formulering:
”Levende bygder med moderne bo-og levevilkår.
Markedsrettet produksjon av varer og tjenester.”
Stadfesting av at bygdeutvikling er ei fellesoppgåve i samfunnet får vi m.a. gjennom at staten set av økonomiske midlar (BU-midlar) for å bidra til å styrke grunnlaget for levande og attraktive bygdesamfunn. Det viktige bygdeutviklingsarbeidet kan - slik vi ser det – best løysast gjennom eit dynamisk samarbeid mellom bygdefolket (Bygdeutviklingslaget,kommunen, fylket/FMLA og andre gode krefter.
Bygdefolket sin innsats på dette feltet vil delvis vera individuell satsing i høve til næringsetablering/-utvikling (ofte knytt til landbruk) og ei felles satsing gjennom bygdeutviklingslaget. Bygdeutviklingslaget vil kunne støtte einskildetablerarar og individuelle utviklingsprosjekt gjennom å vise interesse og vera ein stad ein kan venda seg for å bli vist vidare veg i systemet.
Når det gjeld felles satsingar i bygda for å tilretteleggje for trivsel, miljø, tilflytting, kulturtiltak, næringsutvikling-/etablering, har vi gjennom prosjektperioden erfart at dette er oppgåver vi best løyser i fellesskap. Det er avgjerande at dette arbeidet går kontinuerleg og vert ei etablert arbeidsform. Vi har ikkje tru på at skippertak eller oppstykking i prosjektperiodar som ikkje gir kontinuitet vil gi varige resultat.
Arbeidsmål for BBU
Framtidsretta bygdeutvikling med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår er framheva som mål i dette prosjektet. Som tidlegare nemnt krev dette arbeidet kontinuitet for å lukkast.
Utvikling av bygda bør skje på mange område samtidig, samstundes som vi kan sjå at det i periodar er viktig å kunne samlast om færre prosjekt/arbeidsområde som treng særskilt innsats. Skal vi driva eit systematisk BU-arbeid vidare, er det viktig at vi byggjer på det arbeidet og dei erfaringane vi har gjort til nå.
Arbeidsmetodar og suksessfaktorar i arbeidet
BBU vel arbeidsmetodar som utløyser aktivitet i bygdefolket. Dette gir stort eigarskap til arbeidsmåla og skaper deltakarar i utviklinga. Personar og lag må kjenna seg velkomne og inviterte til å delta. Kontinuerleg arbeid med felles identitetskjensle og ansvarskjensle for bygda er viktig. Ein skal kjenna at ein er velkommen til å delta med dei ressursane ein har, enten dei er små eller store.BBU legg vekt på å skape og oppretthalde godt humør i bygdeutviklingsarbeidet. Med godt humør er det lettare å møte motbør og ta fatt i vanskelege problemstillingar. Ein viktig suksessfaktor i arbeidet er entusiasme og pågangsmot. BBU arbeider for å skape, vidareutvikle og oppretthalde entusiasme for bygda. Felles identitetskjensle gir samhald og kan vera med på å skapa mot til å stå opp for bygda og gjera innsats for fellesskapet. Det ligg ei viktig utfordring i å bidra til at suksessar i bygda blir ”feira” og nytte flest mogeleg høve til å bidra til felles glede når nokon lukkast med noko.
BBU har gjennom prosjektperioden og vil også i framtida legge til rette for, og ta initiativ til aktivitetar som styrker fellesskapet. Sosiale samanhenger for interessegrupper ( t.d. pensjonisttreff) og som går på tvers av grupperingar (t.d. bygdekafé og romjulssamling for utflytta ungdommar).
Det synest som om det er lettare å få einskildpersonar til å ta på seg fellesoppgåver som er prosjektrelaterte enn oppgåver som medfører at ein bli vald til eit verv som er av meir permanent karakter. BBU vil passe på å få med ”nye” personar og sjå til at dei unge vaksne og tilflyttarane blir involverte.
BBU vil ha særleg fokus på ungdomssatsinga. Det er viktig for oss å finna ut kva dei er interessert i og kva arbeidsformer dei trivst med. Vi ynskjer å bruke flest mogeleg høve til å vise at me set pris på dei og at meiningane og innsatsen deira er viktige.
BBU som samarbeidsforum
Bygdeutviklingslaget skal ikkje sjølve stå for alle aktivitetar, men utløysa desse og vera eit forum for samarbeid t.d. mellom einskildpersonar, skulen/barnehagen, lag/organisasjonar og næringsverksemder. Ei viktig oppgåve i bygdeutviklingsarbeidet er å ”fange opp” og vera i forkant når ting skjer, samt ha oversikt over ein del ressurspersonar som kan koplast inn i ulike høve og til ulike oppgåver.
Vi bør sjå på oppgåvene som i dag ligg til Grendautvalet og BBU. Kan desse samordnast? Spørsmålet bør vurderast i samband med kommunesamanslåinga (Ølen og Vindafjord).
Det vil vera BBU si oppgåve å oppmuntre personar/lag som har idéar og innspel som har relevans for bygda. Me vil bidra til at idéar kjem fram i lyset og blir tatt på alvor. Det er ynskjeleg å vidareføra ”gratis etablerhjelp” til alle som har ein ide om å starta opp med eitkvart.
Informasjon
Det ser ut til å vera ei umetteleg trang for informasjon. Denne kan alltid bli betre. Gode informasjonskanalar som blir nytta og som det er intensjon om å vidareføre er:
-Bjoanett
-Bjoabuen
-Oppslagstavlar
-Infoskriv i alle postkassar
-Annonsar i lokalpressa (sjeldan, grunna høge kostnader)
Vi er i dialog med Nye Vindafjord kommune om eit pilotprosjekt med elektronisk oppsalgstavle i bygda. Ei arbeidsgruppe med deltakarar frå Bjoabygda og frå kommunen si IKT-avdeling skal sjå på ei teknisk og praktisk lysing der Bjoa kan få ei elektronisk oppslagstavle med oppslagsfelt for kommuneadministrasjonen, intern informasjon i bygda og informasjon frå andre. Prosjektet er i planleggingsfasen.
Formidling av inspirasjon og kompetanse utanfrå
Studieturar i prosjektperioden og arrangement lagt til ulike stader i bygda har vore med på å gi inspirasjon og nye idéar. Dette er ei rimeleg og effektiv arbeidsform som BBU vil arbeide for å vidareføra, t.d. ved å arrangere inspirasjonssamlingar, bygdekafé, studieturar m.m.
Leiing
Det har kome klart fram i prosjektperioden at det er viktig å ha ein person som kan påta seg eit koordinerande ansvar og vera pådrivar for å få i gong prosessar og syta for framdrift i arbeidet. Dette er tenester som ein ikkje kan forventa å få utført utan vederlag, og ein viss basisøkonomi er difor ein kritisk faktor for BBU og bygdeuviklingsarbeidet.
Oppsummering og konklusjon
Arbeidet i prosjektet har vore omfattande, krevjande og inspirerande.
Årsrapportane saman med sluttrapporten viser at vi langt på veg har lukkast å nå målsetjinga med å
”…driva framtidsretta bygdeutvikling med vekt på lønsam næringsutvikling og gode bu- og oppvekstvilkår, for å bidra til at Bjoa skal vera eit levande og attraktivt bygdesamfunn.”
Bygdemobiliseringsprosjektet har hatt stor verknad i høve til å ”få ting til å skje” i bygda.
Dei aller fleste av aktivitetane som har vore prøvd har vore vellukka og hatt god oppslutnad.
Mykje positivt har skjedd i bygda i prosjektperioden (sjå årsrapportane)
Vi har lukkast med å bli meir synlege som lokalsamfunn
Vi er blitt ein meir likeverdig samarbeidspart overfor kommunen gjennom at vi har vist at vi er løysingsorienterte og at vi har positive idear (som også kjem andre delar av kommunen til gode)
Vi har erfart at det er avgjerande å ha ein person som i nokon grad vert løna for å utføre oppgåver, vera pådrivar, oppmuntre og bidra til at ”ting skjer”. Mykje av arbeidet er avhengig av at nokon kan ta kontaktar, gjere avtalar, undersøke saker, ta kontakt med offentlege instansar osb. Slikt arbeid må gjerast på dagtid når offentlege kontor er opne og kontaktpersonar er tilgjengelege.
Det har vore utført stor dugnadsinnsats frå bygda, og saman med den økonomiske støtta vi har fått til prosjektet, har dette vore avgjerande for gjennomføringa.
Bygdeutviklingsarbeidet skal halde fram, og BBU vil utvikla den funksjonen laget har opparbeidd seg i prosjektperioden. Når det økonomiske tilskotet frå det offentlege fell bort, vil arbeidet framover måtte gjerast i eit anna omfang. Me vil understreka at ein viss basisøkonomi likevel er naudsynt for å sikra kontinuitet i arbeidet. BBU vil difor freista å initiera nye tiltak/prosjekt som kan utløysa offentlege ressursar. Erfaringane frå konferansen om bygdeutvikling (2004) og andre delprosjekt tilseier at dette kan vera ein veg å gå.
Vidare har vi tru på at økonomiske tilskot som gjer det mogeleg for bygdeutviklingslag å kjøpa tenester til prosessleiing, vil kunne vera ei god måte å sikre framdrift i dette viktige arbeidet. Å innføre ei ordning med ein ”bygdearbeidar” ville vera interessant og spennande.
Bjoa den 01.11.2004
Harald Hetland, leiar
Gunnar Dalen, økonomiansvarleg
Elin Arianson, prosessleiar