Foto:

SOMMARSTEMNING PÅ BUO

Av: Elin Arianson 04.07.2003


Sommarmarkedet på Buo i dag trekker mykje folk. Her går handelen og drøsen livleg.

I nydelig sommarvér er det eit yrande folkeliv på Innbjoakaien i dag. Her er sommarmarked med lokale produkt og med ekstra gode tilbud frå nokre av grossistane. Lions har tatt med seg Strandebarmaren som dei loddar ut og har i tillegg ein fin informasjonsstand.
Jo, her er noko for einkvar smak.
Inne i butikken bugnar det også av varer og gode tilbud. Og handelen ser ut til å gå livleg for seg. Fleire kafébord er sett ut på kaien og her går kaffidrøsen livleg.
Mange smil å sjå i dag.
Vi håpar det blir ein god dag for handelsmannen som får ein lang dag. I kveld er han konsertarrangør i Marknadshallen.

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.