I morgontimane i dag havna ikkje mindre enn tre bilar i grøfta på strekninga mellom Gardkroken og 4H-huset.
Då Torbjørn Hamre kom på Buo i dag kunne han fortelje om ein personbil som låg i grøfta. Som journalist for Bjoanett tok han turen opp igjen for å ta bilde av dette, og i mellomtida hadde enno ein bil vore uheldig.
Medan han var der stoppa ein bil opp ved ulykkesstaden. Bilen bak denne klarte ikkje å stoppe og havna dermed med bakhjula i grøfta.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.