Foto:

St.Hans feiring

Av: Anne Gunhilde Oma 25.06.2007

Mange tok turen til Vedvikjo på St.Hans.

Allerede kl 18.30 begynte det å strøyma på med folk. Det vart svært folksamt i Vedvikjo til slutt.

Årets arrangement var eit samarbeid mellom Kystlaget Romsa og Bu-og oppvekstgruppa.

Belgtøttene var innleigde for anledningen og sette den rette stemningen. Stort bål var laga til i strandkanten.

Simon Svendsbø vann fiskekonkurransen for barn og Jofrid (Hetland) Vik vann vaksenklassen. Volleyballbanen var i bruk heile kvelden. Ellers vart det spela badminton, kubbaspel og nokre tøffingar våga seg til å bada.

Det var og lotteri med flotte gevinstar. Grillmat gjekk ned på høgkant, drøsen gjekk og folk såg ut til å storkosa seg.

Foto: Anne Gunhilde Oma og Arnulf Utbjoe

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.