Foto:

Steingarden - Ein kunst og eit slit

Av: Ernst Arne Sælevik 01.01.2005


Mange her i bygdene våre har eit tilhøve til steingarden. Anten ein vil eller ikkje. Sume stader kan ein berre sjå ut vindauga eller stiga ut på trappahella, så ligg han der. Midt i kulturlandskapet. Kan hende ei lang rekkje med oppmura stein på stein som slyngjer seg avstad bortetter jordene eller stuttare stubbar over haug og hamar er synlege.
Eller berre minner om ein steingard frå ei svunnen tid, kjem fram.
Steingarden si oppgåva er å skilja innmark frå utmark eller synleggjera eigedomsgrenser.

Alt i jarnalderen rundt Kristi fødetid, då dei byrja halda husdyr og dyrka jord, hadde menneska trong for ei dugande stengsle for husdyra til å hegna om åker og eng. Til å byrja med gjorde risgjerde og anna materiale nytta. Men etter kvart som folk byrja å rydja åkeren for stein, fekk ein også eit varig materiale til gjerdebruk. Ein veit og at på strategiske stader i høgfjellet der serskild reinen hadde sine årlege trekk, vart det laga dyregraver og bygt steingjerder for å leida dyra uti gravene.

Dei fleste steingardar me ser i landskapet i dag, er bygde på 1700- og 1800-talet. Det var eit tungt og tidkrevjande arbeid å byggja desse steinmurane. Å byggja ein god steingard krev kunnskap. Skal han halda seg stødig, må han byggjast med innsikt og tolamot. Stein for stein. Ofte leigde gardbrukarane inn folk til å arbeida dei opp. Det var ikkje alle og einkvar som hadde den kunnskapen. Difor står mange steingardar ein ser idag som eit teikn for det grundige, langsiktige og praktiske.

Det var eit vanskeleg og hardt arbeid å byggja gode steingjerde, ikkje minst når ein kom ut i utmarka og skogen. Alt måtte gjerast med handamakt. I botnen la ein dei største steinane. Låg der laglege stein fast i terrenget, kunne godt gjerdet taka ein sving for å utnytta naturleg plasserte stein. Fann ein ikkje laus-stein oppå jorda, måtte han gravast ut or bakkjen med spitt og vågabrand og berast eller veltast fram til gjerdet.

Var det lite stein i området måtte den fraktast med hest og eit slag treslede kalla ”steindrog”. Steinen som var funnen måtte så veltast oppå sleden, kjørast fram til gjerdet, veltast av, snuast og vriast til han kunne veltast på plass i gjerdet og liggja støtt. Dette kunne dei gamle. Dei tok den tida dei trong for å sjå på steinen frå alle sider, før dei baska han på plass. Og då låg han støtt. Gjerdet måtte byggjast og stå slik at det stod endå om frost, tele og bløyte arbeidde med jorda. Eit slit var det og dei som tok betaling for arbeidet hadde vanlegvis lite att.

Om ein går og studerar desse steingardane, ser ein at det vart laga fleire typar gjerde. Dei vanlegaste steingjerda som var for kyr, var ikkje gode nok for sau. Han klatra over om det var for lågt. Såleis kan ein finna steingardar som er 150 cm eller høgare. For å få desse høge gjerda til å stå, vart det ofte bruka ein annan type stein. Den var flatare slik at han låg godt. Men dette kom jo an på kva stein som var å finna i området. Ein annan type høgt sauagjerde er å byggja loddrett på eine sida og skråmura med stein som støtte på innsida. Denne vart helst smal på toppen.

Sjeldan på våre kantar er dei ekstra breie murane. Dei kunne vera meir enn dobbelt så breie som vanleg. Då var det om å gjera å verta kvitt so mykje stein som mogeleg i samband med steinrydjing og nydyrking. Mindre stein og ueigna stein fyllte dei så opp innimellom murane.

Det finnest mange flotte steinmurar rundt om i bygdene. Både steingardar og nydeleg oppførte grunnmurar for hus. Reine kunstverk. Ikkje heller å gløyma kyrkjegardsmurane. Men dei rundt hagar for frukt og grønsaker er sjeldsynte i dag.

Steinmurane krev og vedlikehald. Om våren etter at tela var gåen or jorda, gjekk gardbrukaren rundt langsetter steingardane sine og såg etter at steinane låg skikkeleg på plass. At dei ikkje var lausna eller ramla ut. Hadde ein og annan steinen sege eller glidd ut måtte dette ordnast. Ein slags stutt ”rambukk”, ein tjukk kubbe med handtak bak og oppå, vart nytta til å slå innatt den utsigne steinen. Eller så kilte han ein og annan småstein inn under lause steinar. Og når framsteget gjorde at dette vedlikehaldet tok ein ende, veit ein korleis det går med steingarden. Han ramlar ned og restane vert overgrodde av vegetasjon. Jorda vil ha steinen attende der han kom ifrå.

Den store jordutskiftninga på Utbjoa i 1870-åra fortel litt om gjerdeplikta og kor viktig dette var. Dei som hadde hus og heim som måtte flyttast og setjast opp på ny stad kunne ikkje gjera dette før all gjerding mot utmark og på innmark var gjort.

Luteigarane var samde om at ”gjerdet for ydergrænsen opføres og vedligeholdes smalefrit”. Då var det steingarden mot utmarka som skulle halda sauene borte frå innmarka. Dei fekk to år på seg til å byggja denne steingarden og då ”kan den gjerdepliktige frit tage materiale af sten og brake, hvor han finder det beleiligt.”
Først når ”ydergjerdet” var ferdig kunne dei ”indvendige” gjerda byrjast på og vera ferdig tre år etter.

Luteigarane vart også samde om at ”disse indvendige gjærder blot skulle frede hest og storfe, og at 6/4 alens høit dobbelt stengjerde og 7/4 alens høit og forsvarlig sterk saakaldt brakegjerde, skal ansees som lovligt gjerde og yde samme beskyttelse mod kreaturene som om det var lovligt gjerde.”

Her ser ein at brukarane var byrja å nytta anna materiale til gjerdebyggjinga. Til å dela opp innmarka si fekk dei lov til å nytta stolpa-gjerde av brake. Dette høvde nok bra, då det var mykje, og framleis er eindel, god rettvaksen brake i Utbjoamarka. Stolpagjerdet tok meir og meir over framover mot vår tid.

Det var viktig å halda gjerdet og vegar i orden. Såleis vart tinglyst på Utbjoa 18. mars 1879 i samband med utskiftinga: ”Som tvangsmiddel for forsømmelse af gjerdepligt og ligesaa ved forsømmelse af istandsættelse af felles veie, sættes frihed for den eller de dermed misfornøiede at kunne leie fornøden arbeidshjælp på den forsømmeliges beskostning for gangbar bygdepris og kan det udlagte beløp exekveres, naar vedkommende lensmand attesterer at beregnede dagløn er passende.”

Som ein del av kulturlandskapet kan ein ikkje gjera inngrep i steingarden utan samtykkje frå kommunen. Ulovleg fjerning eller inngrep er knytte opp mot produksjonstilskotet til bøndene, som dermed kan missa delar av dette som straff.

Det er for lengst slutt med å byggja steingardar i utmarka. Dei gamle gjerda øydest. Men det vil endå gå hundrevis av år før fara og slitet etter dei gamle er borte for godt.

Kjelder:

Utskiftingsprotokoll for Utbjoa 1869-1879.
Ymse kjelder Internett.
Lokalhistorisk tidsskrift Aust-Agder.

Artikkelen er fra Segn og Soge - Sogebladet for Ølen og Bjoa - 2004

Foto: Ernst Arne Sælevik