Foto:

Storfiske i båthavna

Av: Kari og Lars Geir Dommersnes 07.05.2005


Me var som vanlig ein kveldstur i båthavna. Evy og John Olav var med. Plutselig såg Lars Geir ein breiflabb på sjøbotnen. Nå var gode råd dyre.

Karane utstyrte seg med båtshake og klepp.

Lars Geir henta friluftsrådet sin robåt og kom sjøvegen. John Olav klatra ned i kanten og sette båtshaken på breiflabben. Lars Geir var snar med kleppen og fekk tak i beistet. Dei hala og drog og fekk beistet ombord i båten. På land viste det seg at det stygge beistet var 122 cm lang.

Me hadde problem med å finna stor nok vekt - så det vart badevekta. Me sette beistet opp på ei stang og sette den på ei fjøl på vekta. Etter at me hadde trekkt frå vekta av stang og fjøl, var vekta ca 55 kilo!!

Heldigvis hadde eg med mobilen min og fekk knipsa litt bilder,- nå gleder me oss til mange gode breiflabbmiddagar.

Foto: Kari Dommersnes