Foto:

Ta deg ein tur i Blåbærhagen!

Av: Jarle Sandsgård 11.09.2004

Blåbærhagen til Beate og Alfred har vore omtala på Bjoanett tidlegare, utan at eg har gjort noko særleg ut av det. "Det eg treng av blåbær finn eg i skogen, dyrka blåbær er for dei andre", har eg tenkt. Men så dukka det opp ein franskmann i nabolaget.

At fyren var fransk har vel i grunnen ikkje så mykje med saka å gjere, men han ville gjerne sjå seg om i bygda. Lørdag ettermiddag blei sett av til føremålet, men først skulle me berre ut til Alfred for å kjøpe bær til dessert om kvelden.

Etter å ha parkert bilen på den nye parkeringsplassen, var det første me møtte ein elghund i band øvst i tunet. Hunden følgde oss med augene, men sette ikkje i å gøy før me hadde passert han. "God vaktbikkje" tenkte eg og fortsette vidare og møtte Alfred på trappa. "Nei, dette går ikkje", møtte Alfred oss med, " nå kjem han til å stå og gøy heile kvelden. - Du kan ikkje gå forbi han utan å klappe han!". Så dermed bar det tilbake for å helse på den selskapelege hjortejagaren, som i tillegg til å jage hjort og rådyr frå hagen også er premiert med fleire førstepremiar.

"Har dåke ikkje noko å plukke i?", lurte Alfred'n på. Det hadde ikkje me tenkt på, me skulle jo berre ut og kjøpe "ferdige" bær før resten av rundturen. Men det høyrdes jo greit ut å plukke sjølv, og det ville sikkert også bli ei større oppleving for besøket frå Frankrike. Alfred fann fram høvelege boksar og tok oss med på omvisning i hagen.

Å gå slik, omgitt av 13 ulike slag blåbær på alle kantar, smake litt her og der, og samtidig høyre Alfred som villig fortel om bærproduksjon - krydra med historiar om rådyr, hjelpsame ørnar og imponerte amerikanarar - blei ei oppleving eg er sikker på at kjem til å bli fortald mange gonger i Frankrike.

Så nytt høvet nå, sett av nokre timar og ta ein tur i Blåbærhagen til Beate og Alfred. Ta med deg ein gjeng og spandér på dåke ein guida tur gjennom hagen!

Foto: Jarle Sandsgård. Deltakarane på bygdeutviklingskonferansen på omvisning i blåbærhagen.