Foto:

Takk til Kåre på Buo

Av: Ragnhild Sveen 18.07.2003


Kåre Nymark på Buo Landhandel, Bjoa, har klart det igjen: Nok ein gong er eit arrangement avvikla med stor suksess. Kåre må vera heilt unik, du skal leite lenge før du finn nokon med hans energi, pågangsmot og engasjement for bygda si.

Kåre Nymark driv butikk på kaien på Bjoa, og i tillegg så er han hjernen bak ein masse arrangement og tilstelningar for å samle bygdefolket til sosialt samvær. Her er julebord, lutefisklag, 17. mai-fest, sommarfest, sommarmarked og servering av kaker og middagar i Drøsestova for å nemne noko. No sist var det stor stemning i dei gamle fabrikklokala på kaien då det var konsert med Stephen Ackles. Her møtte gammal som ung fram og fekk med seg fem-mannsorkester med trøkk, og ein sangar/pianist som gav alt for at dette skulle bli ein vellukka kveld!

Takk. Kåre, for at du er den du er og står på for at Bjoa er ei bygd det er godt å vera ein del av!

Ragnhild Sveen
Bjoa/Haugesund

Foto: Marit Eikehaugen. Kåre Nymark i kontoret sitt - Båtfolket søker til Buo for handel og bunkring.