Skulepolitikk er sentralt tema i valkampen. På Bjoamarknaden møtte om lag 50 personar for å høyre kva syn Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet (sentrumsalternativet) har på grendaskulane. Til panelet var òg LUFS (Landslaget for Udelte og Fådelte Skular) inviterte.
Frå AP møtte Olav Bergmål, lokalpolitikar og skulemann frå Sveio. SP stilte med sin 2. kandidat for Hordaland, Mali Grete Aksnes. På kort varsel, etter forfall frå Øyvind Halleraker, stilte Anne Tone Salte Andersen sporty opp.
Debatten blei innleia med at Gerd Johansen frå LUFS peika på samfunnsmessige ulempene som skulenedleggingar førte til. Ho viste òg til at dei økonomiske innsparingane i liten grad slo til i praksis. Dei andre partia viste i sine innleiingar at dei såg grendaskulen i ein større samanheng for bygdane som blir råka av skulenedlegging. Noko usemje var det når høgre meinte at grendaskulen godt kunne vere privat og AP-representanten drog opp ”nedre grenser” for reiseavstandar og skulestorleik.
Etter ein innleiingsrunde som nok blei i lengste laget fekk salen sleppe til med innlegg og spørsmål. Med det engasjementet som dei frammøtte viste blei det for kort tid til svar og kommentarar frå panelet.
På spørsmål om elevane på dei store skulane oppnår betre resultat enn elevar frå små skular kunne ingen av politikarane vise til dokumentasjon den eine eller andre vegen, medan LUFS hevda ut frå utanlandske undersøkjingar at det like gjerne var dei små skulane som kom best ut.
Fleire frå salen stilte spørsmål om det ikkje var framtidsretta å bruke av det store overskotet staten har til å setje kommunane i stand til å drive skulane. Gjennomgangstonen var at kommuneøkonomien er så dårleg rundtom at staten må ta ansvar. Panelet hadde ingen økonomiske jokerar i ermet utover det som partia har kome med frå sentralt hald for å styrke skuleverket.
Ungdomsskulen på Bjoa blei nedlagd frå hausten 2000. Det var mange i salen som lurte på kva den endelege innsparinga er på dette blei. Her blei Høgre (den einaste lokalpolitikaren i panelet) svar skuldig. Heller ikkje dei lokale kommunepolitikarane i salen kunne hjelpe med svar på det. I følge LUFS er det vanleg at kommunane ikkje kan/vil dokumenter økonomiske innsparingar etter skulenedleggingar.
Ein del av debatten kom til å dreie seg om for/imot privatskular. Rosanna Padoin frå Norges Montessoriforbund som hadde tatt turen til Bjoamarknaden, kunne vise til stor interesse for privatskular og at dei fleste søknadar kjem etter at den lokale (offentlege) skulen er nedlagd.
Ei engasjert forsamling fekk nok ikkje svar på alle sine spørsmål men eit lite innblikk i partia sine haldningar til grendaskular.