Laurdag ettermiddag trakk kjøpmannen vår, Kåre Nymark, ut vinnaren av konkurransen som har gått på Bjoanett i sommar. Vinnaren kan glede seg til eit weekend-cruise for to med Fjord Line til Newcastle i løpet av hausten.
Alle som har lagt inn artiklar eller arrangementmeldingar frå og med 22. mai til og med 14. september har blitt premiert med fem lodd pr artikkel og eitt lodd pr arrangement.
Det har i denne tida blitt registrert 125 artiklar, noko som gir eit snitt på litt over ein pr dag. Flest artiklar på ein dag var 4. september med sine fem artiklar, og artiklane kom tettast i veke 32, som hadde eit snitt på to pr dag.
Marit Eikehaugen skal ha stor takk for å ha stått for største delen av bidraga, med sine 75 artiklar og 28 arrangementmeldingar.
Torbjørn Hamre har verkeleg teke i bruk kalendaren, og har lagt inn 57 arrangement og 3 artiklar i konkurranseperioden.
Vinnaren la inn ein skikkeleg spurt og registrerte 7 av 8 artiklar siste månaden, etter at han hadde varma opp med to arrangementmeldingar og ein artikkel tidlegare på sommaren. Bjoanett reknar med at kurva fortsett å stige etter dette....
I ei meir eller mindre høgtideleg trekking fiska Kåre ut vinnarloddet frå ei bøtte med i alt 748 lodd. Vinnarloddet var registrert på artikkelen "Valkamp på Bjoamarknaden", skriven av Bjørn Johannessen.