Foto:

TRAKTORDAG I BJOA BARNEHAGE

Av: Inga Steinsland 07.06.2013

Tirsdag 4. juni var Bjoa Bondelag på besøk i Bjoa Barnehage. Dei hadde med seg 2 trø-traktorar med hengar som dei hadde sponsa i lag med Tveit Maskin as og T. Sandsgård Anlegg as.

Bondelaget hadde også med seg 2 "skikkelige" traktorar sånn at alle ungane kunne få vera med på kvar sin kjøretur og diskutera gardskunnskapene sine med bøndene. Ein veldig kjekk aktivitet for både store og små. Så nå får me bare håpa at me har gitt litt næring og inspirasjon til framtidige bønder på Bjoa!

Foto: Inga Steinsland, Bjoa Bondelag

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.