Foto:

Treng du bord og benker?

Av: Elin Arianson 17.07.2004
Når du skal arrangere hagefest eller garasjefest eller teltfest eller
slektstemne eller kva det måtte vera,- så kan det hende du står i
beit for nok bord og benker?
Då er det jo fint å vite at du er Bjoabu - og dermed høyrer du med i Bygdeutviklingslaget slik alle Bjoabuar gjer,- og dermed har du óg høve til å leige bord og benker til eit dags- eller helge-arrangement. Utleige føreset at det ikkje er noko storarrangement same dagen slik at alle bord og benker er opptekne på «fellesen».

Det kostar kr 100,- å leige eit langbord og to benker. Dei er solide og berekna på utebruk. Bord og benker blir lagra i Marknadshallen på Innbjoakaien.

Kontaktperson for utleige av bord og benker er Kåre Nymark på Buo
Landhandel.

Foto: Marit Eikehaugen. Bord og benker i Marknadshallen. Maleriet, Innbjoakaien, som preger den ene kortveggen er malt av Elin Arianson.