Foto:

Trivsel- og suksess i BygdeNorge

Av: Marit Eikehaugen 28.06.2004


Velkommen til Bygdeutviklingskonferanse på Bjoa 4. og 5. september 2004. Konferansen blir arrangert i regi av Bjoa Bygdeutviklingslag, BBU, i samarbeid med Ølen kommune og Fylkesmannen i Rogaland. Elin Arianson er prosessleder for Bygdeutvklingsprosjektet på Bjoa. Hun har nå sendt ut følgende invitasjon:

Trivsel og Suksess i BygdeNorge har ei positiv innfallsvinkel til vekst og utvikling for bygdene. Hovudmålgruppa for konferansen er politikarar, offentleg tilsette, næringsdrivande, ulike organisasjonar og andre med interesse og glød for bygdeutvikling i Hordaland og Rogaland. Konferansen er likevel open for alle og tar gjerne imot påmelding også frå personar med interesse for det aktuelle tema utanfor desse to fylka.

Ei bygd kan vera så mangt. Nokre er ganske små medan andre er større, såkalla bygdebyar. Livet i bygdene er ikkje einsarta. Ulike bygder har ulike utfordringar og dermed også ulike måtar på møte utfordringane på. Dei mange aktive bygdelag og grendelag, ulike organisasjonar, regionale, nasjonale og internasjonale prosjekter som handlar om bygdeutvikling i ulike former og format, viser at det er mange som er opptekne av å bevare og vidareutvikle dei mange ressursane og kvalitetane som bygdesamfunn representerer.

Idear og løysingsmåtar frå ei bygd kan ikkje utan vidare overførast til ei annan. Det fantastisk spennande er likevel at idear frå ei bygd kan gi inspirasjon og idear til ei anna, noko som igjen skapar grobotn for vidareutvikling der den eine ideen kom ifrå. Slik kan positive spiralar voksa oppover og utover og alle som engasjerer seg kan vera med både å gi, få og utvikle.

Trivsel og Suksess i BygdeNorge har som mål å vera ein møteplass for kreativ tenking og deling av idear og suksessar. Det er ikkje utan grunn at denne konferansen vert lagt til Bjoa.

Bjoabygda er ei svært levande bygd der mange av innbyggjarane er opptekne av å skapa "det gode livet" gjennom ei utvikling "innanifrå". Det er innbyggjarane sjølv som tar tak i utfordringane og kjem med kreative idear og praktiske løysingar og tar tak i mange av dei mogelegheitene som ligg i bygda. Samstundes er det fokus på samarbeid ut over bygda - i høve til større einingar, nettverk og eit nasjonalt og internasjonalt samfunn.

Deltakarar som kjem hit blir inviterte til både å få faglege påfyll gjennom spennande føredrag frå så vel lokale føredragshaldarar som eksterne bidragsytarar, opplevingar gjennom praktiske døme på ei reise i bygda samt eit spennande kulturarrangement og sist men ikkje minst bli inspirerte og sjølv inspirere andre gjennom faglege diskusjonar og sosiale settingar. Slikt gir rom for nettverksbygging.

Nøla ikkje med å melda deg på – og ver velkomen til konferansen Trivsel og Suksess i BygdeNorge på Bjoa i Ølen kommune 4.og 5. september.

Helsing
Elin Arianson
prosessleiar Bjoa Bygdeutviklingslag

Foto: Marit Eikehaugen. Brosjyrens framside.