Væææ... Eg har alltid likt å lage til fest og kallas, noko som tydelegvis har rykta seg. I dag blei eg oppringt av TV Haugalnd, dei vil koma til Bjoa og filma Halloween dekorasjonar. Og dei vil gjerne ha med bjoabuar og:)
Klokka fire på torsdag 27.10 kan dei som vil møta i skumle kostymar oppe ved huset til Linn. Her kan de få sjå Halloween-pynten min, og bli filma av TV Haugaland. Eg skal ha litt snop på lur til dei som stiller, ungar og vaksne, har du lyst så berre kom:)
Dette er ikkje noko for svake sjeler, noko av "pynten" er litt grotesk, men ikkje verre enn at dei fleste tåler det.
Ta kontakt om du har spørsmål på linngjerde@hotmail.com
Håpar de vil vera med å skapa litt blest om Bjoa!
Mvh Linn