Uavgjort i første seriekamp
Av: Trygve Hetland 30.04.2000
Fredag var det seriestart for fotball-laget til Bjoa. Bjoa spelar i 5. divisjon, avdeling 3, og spelte uavgjort 2-2 i den første kampen i år mot Djerv 1919 på kunstgrasbanen i Haugesund.
Alt etter 2 minutt sto det 1-0 til Djerv, så det blei ein tung start på serien. Men det viste seg at Bjoa-laget var fullt på høgde med haugesundarane spelemessig resten av 1. omgang, men den siste pasninga og presisjonen i avslutningane mangla.
Etter pause hadde Bjoa mesteparten av midtbanespelet og kom også til fleire avslutningar, men måla venta på seg. Også Djerv hadde målsjansar etter lange framspel, men ballen fôr heldigvis over eller utanfor målstengene.
Så kom endeleg utlikninga til 1-1: Eit langt framspel frå Frode Berge i høgre back-posisjon nådde Bjørn Helge Sandsgård, men han blei regelrett nedsprungen i straffefeltet. Det påfølgjande straffesparket sette Roger Rolfsnes sikkert i mål. Då var det berre eit kvarter igjen av kampen. Bjoaspelarane og entusiastiske trenarar augna poeng, og bare 5 minuttar seinare kunne Roy Erik Hetland gi Bjoa 2-1 etter framifrå spel frå forsvar via midtbane og angrep.
Så kom vanskelege siste 10 minuttar, som alltid når bortelaget scorar mot slutten av ein kamp. Djerv såg alvoret, slo lange ballar inn mot Bjoa-målet, men avslutningane frå Djervspelarane vart for dårlege eller ein god Stig Dommersnes i Bjoa-målet parerte unna eller tok det som kom.
Også Bjoa-laget med aggressivt og godt midtbanespel hadde sjansar til mål, men lukkast ikkje. Utlikninga til 2-2 kom etter at klokka hadde passert 90 min. Ein heading frå ein Djervspelar traff tverrliggar, keeper, stang og Bjoaspelar før han var i nettet. Djervspelarane jubla, Bjoa fortvila – så nær så nær!
Men alt i alt, kampen sett under eitt, var nok uavgjort eit greitt resultat. Bjoa-kapteinen Tormod Sandsgård hadde leia laget sitt til poeng i første seriekamp, og trenarane Per Inge Sørensen og Trygve Hetland såg også så mykje positivt i kampen at dei ventar at det skal gi fleire poeng framover – kanskje alt mot Kolnes på Bjoa i neste seriekamp.
Neste seriekamp er i utgangspunktet på Bjoa fredag 12. mai, men det er mogleg at denne blir flytta til torsdag 11. mai.