Uavgjort igjen for Bjoa på heimebane
Av: Trygve Hetland 29.05.2000
Lørdag 27. mai spela Bjoa og Ferkingstad uavgjort 2-2 i 5. divisjon på Bjoa Stadion, etter at det sto 1-1 ved pause. Det var gjestene frå Karmøy som greidde å koma til målsjansar først etter å ha pressa Bjoaspelarar til å spela ballen til hjørnespark. Og det var på eit slikt at Ferkingstads spelande trenar og lagleiar sette ballen direkte i mål! Innoverskru, javel, men kor var Bjoa sine forsvarsspelarar og keeper? Då var det gått 28 minutt og Bjoa hadde ikkje produsert noko framfor gjestene sitt mål. Men gode innlegg frå Roger Rolfsnes på venstrekanten mot slutten av omgangen burde vore utnytta betre. Det vart eit innlegg frå han frå høgre sida som Øystein Sandsgård breisida inn i mål i det 45. min.
Etter pause hadde Bjoa relativt god kontroll på midtbanespelet, men sjansar og mål kom ikkje før det siste kvarteret. Inge Espenes, som bare hadde vore på banen 7-8 minutt, fekk eit fint framspel frå Roy Erik Hetland og styrte 2-1 til Bjoa i mål. Men Ferkingstad ville ikkje la seg slå, kom lengre fram på banen, kanskje også Bjoa-forsvaret rygga nokre meter, og hadde eit par gode skot mot mål. Men etter 38 minutt kom utlikninga etter at ein Ferkingstadspelar greidde å få til eit skot på omlag 16 meter. Det glapp altså igjen for Bjoa, men det kunne ha gått verre i det aller siste minuttet då bare fingertuppane til Stig Dommersnes i Bjoa-målet og ei målstang redda eit heller ufarleg innlegg frå sida. Då var 2-2 og uavgjort greitt - Bjoa berga eitt poeng.
Det er ei kjent sak at det er for liten konkurranse om ein plass på Bjoa-laget. Til kvar kamp er gjerne fleire spelarar ikkje disponible av ulike grunnar, så rokkeringar i laget må også til. Sjølv om det er trening 2 gonger i veka, er det ca 10-12 spelarar på desse, men det skulle vore ønskeleg med 16-18. Då kunne laget også trent inn formasjonar og ulike spelvariantar. Det har Bjoa-laget greidd ein gong i år.
Framover vert det nå fast fellestrening mandag og onsdag - kamp fredag eller lørdag. Individuell eller eigentrening må spelarar syte for sjølv.
Grannarstjerner Roy Erik Hetland 3, Bjørn Helge Sandsgård 2, Øystein Sandsgård 1.
Neste kamp er fredag 2. juni borte mot Haugesundkam, og så heimekamp mot Stegaberg 17. juni på Bjoa Stadion.