Foto:

Ut på tur!

Av: Elin Arianson 28.05.2002

I desse dagar er skogen og fjellet fullspekka av gode sanseopplevingar. Fuglesong, klukking i bekkar og elvebrus, nydelege fiolar, skogstjerner og utallige bregner som brer seg utover, maurtuar som kreler av flittige maur.... Opplevingane er mange,- og dei ligg der og ventar på deg.

Bu- & oppvekstgruppa er i gong med merking av turstiar på Bjoa. Visst har mange av dei vore merka før, men ingenting varer evig - no blir det igjen mogeleg å finna fram til utfluktsmåla for dei av oss som ikkje er heilt sikre på kva sti me skal følgja !
Er du godt kjent frå før ? Då kan du svinga oppom Ingrid Johannessen og melde seg som løypemerkar - det er stadig trong for fleire som kan hjelpa til med dette viktige arbeidet!
Ingrid held oversikt over kva løyper som allereie er merka og kva som står for tur. Du er sjølvsagt velkommen til sjølv å foreslå kva løype du ynskjer å merka.
Under føresetnad at ein er godt kjent i terrenget og veit kor stien bør gå til dei ulike utfluktsmåla, så er det utruleg kva ein kan få til når ein er utstyrt med raud spraymaling og ein god saks. Den raude malingen får du tildelt hos Ingrid - saks har du kan hende sjølv - og om du ikkje har ein - så kan du kanskje låna ein av naboen ?
Turar i skog og mark er for svært mange av oss ein viktig ingrediens i "Det gode liv". Dermed blir det viktig å gjera ulike stiar og turmål tilgjengelege for flest mogeleg.
Og om du ikkje er så godt kjent at du vågar påta deg merking av turstiar så er det også eit viktig bidrag at du tar deg ein tur der løypene allereie er merka,- dess fleire som går på ein sti dess lettare held stien seg vedlike - at du også får betre helse, gode opplevingar og blir i endå betre humør er ein grei bonus! God tur!

Foto: Marit Eikehaugen