Foto:

Ut på tur aldri sur...

Av: Ingebjørg Johannessen 06.12.2007

Turgruppa på Bjoa starta opp i 2003. Kvart år avsluttar me med julebord på Vikestølen. Denne gongen fant julebordet stad i båtlaget sitt klubbhus.

Møtestaden er ved kyrkja kvar torsdag med opphald ved jul og sommarferie. Den eldste deltakaren er 85 år og den yngste 65 år.

Tempoet bestemme me sjøl og høydepunktet er når me når målet og tek fram termos og niste. Drøsen går lett,og itte kvart har me blitt godt kjende. Turane går stort sett på skogsveier.

Kontaktpersonar er Ruth Vølstad, Edith Østenstad og Ingebjørg Johannessen.

Alle som har tid og stunder er velkomne til å delta. Me storkosar oss ute i det fri. Mange kjekke turar har me hatt - kan nevna tur til Vakadalen - Kolbeinshauglia - Vikebygd med innlagd kaffibesøk på biblioteket. Ikkje å forgløyma ein tur på Fjelberg med fiskesuppe på Sjøstova.

Kvart år avsluttar me med julebord på Vikestølen. Denne gongen fant julebordet stad i båtlaget sitt klubbhus.

Karen og Edith hadde pynta med juledukar og lys. Maten var medbragt og det blei et rikt utvalg som smakte fortreffelig. Karen og co. hadde program som fekk oss i godt humør. All honnør te dei.

Bli med i turgjengen!!!

GOD JUL OG GODT NYTT TURÅR!!

Foto: Ingebjørg Johannessen