Etter ein strålande haustfest med flott underhaldning og nesten 30 utstilte oppgåver, slit Bjoa 4H med å skaffa nye vaksne klubbrådgjevarar når eit nytt arbeidsår står for døra.
På haustfesten blei det kunngjort at dei vaksne som til nå har stått bak og hjelpt medlemene med drifta av klubben, av ulike årsaker ønska avløysing. I klubben sin 37-årige historie, har dette med vaksenleiarar løyst seg utan problem kvart år. Men denne gongen ser det vanskelegare ut.
Fredag etter årsmøtet blei det halde foreldremøte, for å prøva finna ei løysing og eventuelt frå fleire foreldre på banen. Men dagen var dårleg, og elles er det vel litt skummelt å stilla på slike møte, for berre fire foreldre møtte... Det nyvalde styret er alt i gang med forslag til årsplan for neste år, men dei treng fleire vaksne med seg for å klara gjennomføra aktivitetar og oppgåver.
Me har fått med oss 2-3 vaksne som er villige til å hjelpa til, og to av medlemene har tatt på seg oppgåva med å vera aspirantleiarar. Likevel er det svært ønskeleg med fleire vaksne slik at ansvar og oppgåver kan fordelast, og jobben ikkje blir så stor på kvar enkelt. Liv-Kari har lova vera med som «klubbrådgjevar-rådgjevar», og Rogaland 4H har kjempekjekke kurs og gode handbøker for dei vaksne. Dette er altså ei oppgåve dei fleste kan klara, og me håpar nokon der ute er med å ta ansvar for at Bjoa 4H kan fortsetja i dei samme gode spora som før!
Me skal ha vaksenmøte på torsdag. Ta kontakt med Liv-Kari (53 76 99 62 / 415 49 252) snarast viss du har tid å avsjå til ein givande fritidsaktivitet.