Frå Gunnar Dalen den 6. har me mottatt denne vårmeldinga: Tru det eller ei, slik såg det ut i Søra Buskor heilt sør/aust på Gråhorgjo sist søndag. Blomen er Raudsildre, og det er ikkje uvanleg å finna henne i blom før 1. april på dei lunaste plassene til fjells.
Men det er jo eit mirakel, likevel. Snøfennene ligg i snøballavstand frå vekseplassen. - sitat slutt.
Med dette oppfordrar me lesarane til å leggje sundagsturen til Gråhorga. Ta med fotoapparat og send gjerne turbilete til Bjoanett. Redaksjonen legg så blinkskota fram for dykk alle. God tur!
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.