Foto:

Vårdugnad i 4H

Av: Anne Gunhilde Oma 29.04.2005

Det er vår og tid for å ta eit tak i hagen.
Det gjeld også rundt 4H-huset.

Torsdag kveld hadde aspirantane møte, og då vart tida nytta til å gjera litt rundt om kring. 5 ivrige aspirantar møtte opp ilag med to vaksne. Det vart luka i bed og langs gjerdet, samla greiner, rydda og kasta boss. Det såg slett ikkje så værst ut då me var ferdige.
Lørdag er det juniorane og seniorane som skal på dugnad. Dei skal ta for seg huset innvendig - og det trengs....!


Foto: Marit Eikehaugen