Foto:

Våt St. Hans-feiring i Gardavikjo

Av: Anne Gunhilde Oma 24.06.2005

Sjølv om værgudane er heller lumpne for tida, så let ikkje bjoabuen seg stoppe.

Bygda veit å setja pris på arrangementet, så om det regnar og er surt, så kjem den eine etter den andre tuslande ned i stranda med godt humør og grillmaten i sekken.

70 - 80 personar tok turen til St. Hans-feiring i Gardavikjo. Det gjeld berre å kle seg godt nok. Nokre vikingar bada til og med! Alfred og Sean hadde rigga til eit stort bål, og i år var det ikkje problem med å få fyr!

Lotteriet fekk inn mange pengar som kjem til stor nytte. Me har ein del på lista vår over ting som manglar i hytta og ting som skulle vore gjort. Tusen takk til alle som støttar arbeidet!

Foto: Anne Gunhilde Oma