Laurdag viste Bjoa 4H skodespelet ”Eventyret om Gråhorjo” for ein fullsett idrettshall i Ølen. Kvelden før var det krisestemning etter ei ganske kaotisk generalprøve. Men med god hjelp frå foreldre og intens kriseøving på laurdagen fekk dei jammen skikk på stykket igjen!
Eg er kjempeimponert over korleis ungane og ungdommane i 4H klarte å gjennomføra stykket då det verkeleg gjaldt! Eg har fått min del av skryt for å ha hjelpt til med å skriva teksten, men eg vil understreka at det er medlemmene i 4H som gir liv til skikkelsane, det er dei som to gonger nå har skapt magi på scena, først på haustfesten til 4H, og no sist på folkefesten i Ølen.
Ein skal leita lenge etter så tøffe ungar og ungdommar som me har på Bjoa. Sidan haustfesten hadde fleire slutta i 4H, og nye medlemmer måtte hoppa inn i roller på rekordtid. Andre har ikkje hatt moglegheit til å delta på øvingane anna enn på generalprøva. Likevel så gjekk det så fint!
Det "hagla" med gode tilbakemeldingar etter at stykket var spelt, og folk lo og koste seg under framføringa.
Eg veit ikkje kva ende eg skal begynna å skryta i. Om eg skal begynna med dei to ungane i stykket, så mykje tekst og så godt spelt! Knallbra! Og Huldra og Eirik Bjoaskalle, de har verkeleg klart å gje skikkelsane de spelar liv og personlegheit! Og den skumle Skretussen som er så hemngjerrig og fæl, kjempebra spelt. Og den litt tullete nøkken var akkurat så vimsete som me ville ha han.
Ulven har klart å laga ei skikkeleg ulvestemme, og var kjempemorosam å høyra på! Hottalauso imponerte stort, eg forstod at ho faktisk skremte folk litt då ho gjekk rundt i salen for å stryka ut minnet til folk. Bravo, Ida!
Gjest Bårdsen var sjarmerande spelt, det er som ein skjønar at han eigentleg ikkje kan heilt for at han stel litt av og til, knallbra! Og Arquebus med radioen sin som har meir enn nok med å passa på tyskarane som kjem for å fiska, der fikk du latteren fram hjå publikum!
Borgeherren er ein av dei som ikkje har fått vera med på så mange øvingar, likevel så tar du dette på strak arm. Flott! Og så Bjoagubben då, det var ei av dei rollene der me måtte sette inn ein ny skodespelar, så her var teksten øvd inn på rekordtid. Kjempeimponerande!
Sist men ikkje minst var det daudingane frå kyrkjegarden i Vedvikjo. Dei er og ”nye” i rollene sine og hadde lært seg både tekst og ”dauding-gange” på kort tid, veldig bra!
Alle har meir eller mindre på eiga hand funne fram til høvelege kostymer, og de har absolutt framstilt teksten på ein så flott måte at manusforfattaren nesten er litt rørt. Eg hadde aldri trudd det skulle bli så bra då eg hadde skrive det, og det syner berre at det er i framføringa magien ligg.
Og at det skulle bli så bra som det blei etter den generalprøven.. Tru om det ikkje var Bjoa sine vaktarar som hjelpte oss litt?