Foto:

Vel blåst for bygdeutviklingskonferansen!

Av: Bjørn Johannessen 06.09.2004

Konferansen "Trivsel og Suksess i BygdeNorge" blei det tittelen lova.

Etter langt og krevjande førebuingsarbeid har nå arrangørane fått sin belønning i ein konferanse som på alle måtar blei svært vellukka. Og sidan storparten av arbeidet er dugnadsarbeid er suksessen ekstra viktig.
Arrangørane, Rogaland fylkeskommune, Ølen kommune og Bjoa bygdeutviklingslag (BBU), hadde samla ein fin gjeng av engasjerte bygdeutviklerar frå Hardanger, Sunnhordaland, Haugalandet og Ryfylke og kunne by på føreleserar og eit arrangement som gav valuta for pengene. Ein sliten men godt fornøyd prosessleiar for BBU og primus motor for konferansen, Elin Arianson, melder om berre positive tilbakemeldingar.

Foto: Elin Arianson. Drøs under lunsjen på Kjerringgarden


For oss som deltakarar blei dette ein konferanse som gav inspirasjon meir enn statistikk og teori. Engasjement, dugnadsånd, tilhøyrighet, identitet, felleskap, naturen er stikkord som gjekk som ein raud tråd gjennom heile konferansen. I teori og praksis kor avgjerande dette er for å få til utvikling (også bygdeutvikling):
• Som grunnlag for dei imponerande tiltaka ein har fått til i Balestrand
• Kor viktig det er for både psykisk- og fysisk helse (grundig dokumentert i undersøkingar og forskning)
• Kva ”krefter” som oppstår når desse tinga spelar i lag i eit samfunn
• At det går an å drive ein god nærbutikk sjølv med omsetnad under det som blir rekna som minimumsomsetnad for å få til ein lønsam butikk
• At dette er viktig for å landbruksnæringa når den skal blomstre vidare i grendene. Landbruksdirektøren kunne peike på fleire muligheter enn problem for våre bygder i framtidas landbruk
• Og ikkje minst fekk me synleggjort kor avtgjerande dette er for tilflytting til bygdane

Foto: Elin Arianson. Rådmann for den nye kommunen, Helge Torheim, i samtale med bjoabu, arkitekt og føredragshaldar Kåre Frøland


Ølen kommune som medarrangør valgte å bytte ut ordførar og nåverande rådmann med rådmann for den nye kommunen vår, Helge Torheim, til å opne konferansen. På den måten fekk me eit signal om ein framtidsretta konferanse – og slik blei den. Både i pausane og på kulturkvelden på Buo blei det diskutert muligheter meir enn problem og mange nye kontaktar blei knytta.

Foto: Elin Arianson. ”Eg er blitt så inspirert at eg nesten kokar over” uttrykte Margit Andrea Hauso fra Hardanger


”Eg er blitt så inspirert at eg nesten kokar over” uttrykte ein av deltakarane etter konferansen. Men det var ikkje berre hjernen som blei fylt opp. Etter lunch med hjortekarbonar, bjoa-brød, plommer frå Hardanger, reke/krabbe måltid på buo, frislepp i blåbærhagen til Alfred og Beathe og avslutningsmåltid på kjerringgaren er det nok mange som bør følge Gunnar Tellnes sitt råd om turar i bratte vestlandslier.

Gunnar Tellnes viste og til forskning som viste til musikk og kultur si positive verknad på menneske. Det hadde arrangørane (sjølvsagt) og tenkt på. Kulturinnslaga med Heidi/Siri/Sonja/Kristian, Ann Elisabeth/Agnar, og Ingvild var framføringar av lokale aktørar på svært høgt nivå. I tillegg synleggjorde det i praksis at inflytterane er ein viktig ressurs for bygdene.

Foto: Jarle Sandsgård. Tor Johannesen tok deltakarane med på ei vandring tilbake i tid med eit interessant føredrag om korleis folk levde på Bjoa for fleire tusen år sidan.

Dag 2, ”På innsida av Bjoa” som var ei rundreise til nokre verksemder og kulturtiltak i bygda gav endatil ein innfødd Bjoabu mange positive oppdagingar og er sterkt å anbefale til andre bygdar å gjere. Ølen kommune stilte med fleire av sine sentrale lokalpolitikerar og ideen blei lansert å lage ein slik dag i kvar bygd – ein av mange gode idear som dukka opp.

Foto: Jarle Sandsgård. "Hobby-båtbyggjar" Nils Terje Oma fortalde om historia bak båtbygginga han held på med i verkstaden, og om korleis båten blir til.

Foto: Jarle Sandsgård. I naustet til Torunn og Harald Hetland fekk ein m.a. høyre om arbeidet med å restaurere bygget og om produksjon av kornøl. Kristian Resset fortalde om foredling av sau, og deltakarane fekk smaksprøvar av kjøt og øl

Foto: Jarle Sandsgård. I blåbærhagen fortalde Alfred Mitchell om blåbærdyrking, medan deltakarane fekk smake så mykje dei ville

Takk for ein flott konferanse!