Årets julemarknad var den fjerde i rekka, og komiteen var litt spent på førehand om oppslutningen ville vera like bra i år som tidlegare år.
Men det var ingen grunn til bekymring. Det kom ein jamn straum av besøkande utover dagen. Tusen takk til Bjørn og Alf Magne som stod ute i ruskeveret og dirigerte alle bilane som kom. Dåke gjer ein kjempejobb!
Fleire av utstillerane selde ut varene sine, og det var mange positive tilbakemeldingar. Av utstillerar var det både nye og "gamle, kjente". Me skulle så gjerne hatt ein lefse-stand, så viss nåken kan hjelpa oss med det til neste år, så gi beskjed!
Me er og glade for å få inn nye i komiteen, så har du lyst å vera med er det berre å gi eit lite vink til Vigdis, Elin A., Anne Gunhilde, Bente eller Ingrid J.
Frå butikken har me og fått tilbakemeldingar om mykje besøk, god handel og god omsetning på graut og kaker.
Foto: Marit Eikehaugen. I mangel på bilder fra årets julemarked legges ved et fra tidligere år.