Foto:

Velkommen til medlemskveld i Bjoa Helselag

Av: Marit Eikehaugen  30.05.2017

Hentet fra FB: Medlemskveld med gjester, Bjoa Helselag, torsdag 8. juni kl 19:00. Kjekt å samlast til ein nyttig og koseleg kveld før me tar sommarferie. Me er jo ikkje så mange, så denne gongen vil me at ALLE medlemer skal invitera med seg ein gjest: Ei dotter, nabo, venninne e.l.

Anne Lene Thorkelsen, nestleiar i NKS Rogaland kjem for å fortelja litt om alle dei flotte sakene og aktivitetane me i NKS arbeider med, og litt om korleis Åkra Sanitetsforening er blitt SÅ mange.

Ingrid Johannessen frå Kjerringgarden kjem med oppskrifter på salat og dressingar, og viser koss me kan setja ein ekstra piff på sunn sommarmat.

Me skal sjølvsagt kosa oss med salat og heimebakt brød til, og kaffi med kake etterpå.

Utlodding: Styret ordnar hovudgevinst – gåvekort på Ebne kr 400. Elles ber me medlemmene ta med ein liten ting. Overskottet vurderer me å øyremerka til ei av NKS sine hjartesaker.

Grunna serveringa er det fint med påmelding innan tysd. 6. før kl 12 til Liv-Kari 415 49 252 eller Marlen 992 89 682. Og rekk du ikkje seia frå, er du hjarteleg velkommen likevel!

Arkivfoto: Marit Eikehaugen