Foto:

Vellukka bedriftsseminar

Av: Elin Arianson 26.03.2004

Med fokus på forsikring, pensjon og sjukepengeordning fekk deltakarane på økonomi og bedriftsseminaret noko å tenkja på.
Til seminaret som blei arrangert på Kjerringgarden i går, hadde Nettverkskredittgruppa Mihkså henta inn bedrifsrådgjevar Per Arne Jacobsen frå SR-banken.

Dei 14 deltakarane representerte små bedrifter i Vindafjord, Ølen og Etne. Nokre er veletablerte med stabil produksjon/sal, medan andre er i startgropa. For små bedrifter der ein eller to personar skal ta hand om alle sider ved drifta er det mykje å halde rede på. Å ha ein gjennomgang på dei økonomiske forholda som gjeld forikring, pensjon og sjukepengeordning kan vise seg å vera svært nyttig og lønsamt. Jakobsen ga forsamlinga ei god oversikt over kva som er viktig å tenkja på og halde seg orientert om. Både bankar og forsikringsselskap tilbyr rådgjeving der ein kan få ein spesifikk gjennomgang for den verksemda ein driv.

Som prosjektleiar for Nettverkskredittgruppa Mihkså orienterte underteikna om denne nettverks-ordninga. Gjennom Innovasjon Norge blir det kvart år stilt til disposisjon økonomiske midlar som skal hjelpe nettverk av småbedrifter og etablerarar både økonomisk og kompetansemessig. Erfaringar viser at deltakarane har særleg godt utbytte av å vera i forpliktande nettverk.
I ei nettverkskredittgruppe er det gjensidig interesse for kvarandre sine foretak og ein kjem med innspel til kvarandre og både på det faglege og motivasjonsmessige plan. Gruppa blir leia av ein prosjektleiar dei første to åra. Det er Innovasjon Norge som behandlar søknader for oppstarting av nye grupper.

Etter matservering med Urtesuppe og urtebrød på menyen og Kjerringgarden sine fargerike og velsmakande kaker, var det klart for ei presentasjon av tre bedrifter.

Hardanger Lys A/S held til sentralt i Etne sentrum. Heidi Leivestad står for produksjon, sal, messeframstøt og produktutvikling. Ho overtok veksemda for omlag eit år sidan og har hendene fulle. På tre månader går det med eit tonn råstoff til produksjonen. Det blir mange lys! For tida har Heidi ekstra hjelp nokre dagar i veka. Det er med på å gi rom for å vera nytenkjande innimellom. For i denne produksjonen er det bruk for kreativ tenking. Her er form, fargeblandingar og dekor viktige fokusområde. Det er ulike kriterier som skal oppfyllast for å kunne setja stempelet handlaga på produkta.
Lysa som Heidi produserar er godkjende som handlaga.

Galleri Å´Godt finn vi i Sandeid. Det er Aagot Sogn som eig og driv denne verksemda. Galleriet har vore i god drift i 4 år med stadig nye leverandørar. Aagot har innreia galleriet i hovudetasjen i dei gamle banklokalene i Sandeid. Her er kunst og kunsthandverk av god kvalitet. Aagot legg mykje arbeid ned i å velje ut kva ho vil ta inn i galleriet. Ho reiser sjølv rundt i landet og besøker kunstnarar og plukker ut dei arbeida ho gjerne vil presentere. I tillegg legg ho vekt på å ha lokale kunstnarar og kunsthandverkarar presentert. I Galleri Å´Godt finn vi maleri og trykk, keramikk- og glaskunst og tekstilkunst. Aagot legg vekt på at beøkande skal føla seg velkomne enten dei ynskjer ei oppleving ved å sjå, eller dei ynskjer å kjøpa noko. Galleriet har opparbeida seg som eit populært tilbod i distriktet. I underetasjen i bygget har Aagot innreia eit lyst og godt utstillingslokale. Her arrangerer ho gjesteutstillingar med jamne mellomrom. Også desse utstillingane er populære og godt besøkte. Aagot røper også at eit nytt tilbod er under utarbeiding;- ein eigen kunstnarmeny som skal serverast lukka lag som vil ha ei heilt spesiell oppleving...

Mariann Hettervik og Ingrid Johannessen er vertskap på Kjerringgarden. Dei er godt i gong med sitt femte driftsår. Frå ein forsiktig start med produksjon av urtete og krydder er produksjonen i dag utvida til mellom anna også omfatte naturkosmetikk og såper.
Kjerringgarden er ein gard i full ordinær drift. Gardsdrifta er sentral i tilbodet til skular og barnehagar. Einskildbarn, små og store grupper kjem til Kjerringgarden for å læra og oppleva. Dette er eit populært tiltak både for dei som kjem på besøk ein gong og dei som følgjer eit lengre opplegg.
Kulturformidling og formidling av sanseopplevingar er noko Mariann og Ingrid legg vekt på. Det er populært for ulike grupper å komme til gards. Her blir jentegjengen som skal ha ei feiring, husmorlaget, hagelaget, turistane, organisasjonane, personalgrupper, politikarar og alle andre tekne godt imot. Dei ulike gruppene har ulike ynskje når dei kjem. Dette blir avtala på førehand. Kanskje vil dei i tillegg til matservering ha kurs, eit kåseri eller eit føredrag. Ingrid og Mariann stiller opp. Dei kan mykje om urter, både korleis dei blir dyrka, kva dei kan brukast til og ikkje minst korleis dei vart nytta i gamle dagar. Det knyter seg mange gode og spennande historier til urter, det er omslutta med litt mystikk,- og for dei som ynskjer det kan Ingrid og Mariann fortelja. På Kjerringgarden er det butikk i det gamle eldhuset. På eldhusloftet kan dei ta imot mindre selskap i sommarhalvåret. Elles har dei for eit år sidan innreia gode møte- og serveringslokaler i hovudhuset.

Felles for desse tre verksemdene er at dei har god nytte av kvarandre og er til hjelp for kvarandre. Mellom anna sel dei kvarandre sine produkt og reklamerer for kvarandre. På den måten kjem det gjerne ein kunde inni galleriet til Aagot som kan fortelje om at nett dette besøket blei anbefalt frå Kjerringgarden...

Slik blir summen av det desse veksemdene driv på med mykje meir enn det....

Foto. Elin Arianson: Frå bedriftsseminar på Kjerringgarden