Nok ein gong har bjoabuen vist at det er mogeleg å få til det me vil! Då marknadssjef Anne Gunhilde Oma endeleg kunne opna årets Bjoamarknad var det etter at mange hadde vore i sving for å få alt klart til opninga og mange var klare til å gjera ein innsats utover dagen og kvelden.
Alt i alt var 108 personar engasjerte for å gjennomføre alle arrangementene i tilknytning til Bjoamarknaden. Takk til kvar og ein! Anne Gunhilde kunne ynskje velkommen til ein marknad med stands og aktivitetar på heile skuleområdet.
Fargerik velkomst Humørfylte parkeringsvakter tok godt imot dei besøkande. På plassen framfor skulen var det framvising av bilar, tevling i hesteskokasting, natursti, blomstertorg og torgsal med blåbær og sjømat. Ferske reker og ferdige tallerkenar med lubbesild og anna godt var å få kjøpt her – og til dessert kunne ein velja blåbær naturell eller blåbær med vaniljesaus.
Politiske stemmefiskarar. Også mange av dei politiske partia hadde sett opp parasollane sine og markerte at valkampen pågår. Det gjenstår å sjå om utdeling av kulepennar og ballongar bidrar til stemmesankinga.
Lapp på lapp.
Inne i skulehuset var Ting & Tang frå Vikebygd i sving med symaskinane og lappeteknikk. Også lokale hobby-lappekunstnarar viste fram produkta sine her. Mange blei inspirert og meldte seg på kurs som Ting & Tang arrangerer.
Kunstutstilling.
Målarkunstnaren Lars Tveit heldt óg til i skulebygget. Han synte fram oljamåleri – mange med motiv frå Bjoa. Det var mange som viste interesse for bileta og han var godt nøgd med salet.
Gjennom loppemarknad til debatt og føredrag.
På Bjoa Bygdeutviklingslag sin loppemarknad var det litt av kvart å velja i. Dei som var først ute kunne nok gjera ein god handel medan utvalet var på topp. I rommet ved sida av var det debatt om grendeskulane si framtid. Seinare på dagen heldt Jørund Flesland føredrag om å ha hage som pensjonist.
Mykje flott å sjå.
I gangen ved gymsalen var det montert eit flott utval av fotografiar med tilknytning til Bjoa. Dette var bilete som var innleverte til fotokonkurransen. Her kunne alle vera med å stemma. Også Bjoa Båtlag presenterte seg i gangen. Her var biletmontasje og informasjon om båtlaget. Inne i gymsalen var det rigga opp mange ulike stands. Her kunne ein få informasjon om ulike lag og foreiningar og småbedrifter - og ein kunne handla eller slå av ein prat med dei ulike utstillarane. Her kunne ein kjøpa alt frå hudpleieproduktar til økologiske urter og drops, oppsatsar av silkeblomar, ulike variantar av måla glas, floger til flogefisking, 4H-effektar og bygdebøker.
Maten gjekk unna! I tillegg til stands romma gymsalen også kafé. Det var god avsetning på den velsmakande rømmegrauten og den tradisjonelle lapskausen. Og det var utruleg så mykje kaker som blei spist denne dagen!
I tillegg til kakene i kafeen kunne publikum også kjøpa seg billett til kakesmaking på scena – der var det sett fram kaker til konkurransen om beste sjokoladekake.
Med lokale modellar på catwalken! Eit av høgdepunkta denne dagen var vising av klede frå Vestida. Det var rigga til catwalk fra scena og ut i salen mellom kaféborda og det var trongt om plassen og høg stemning under visinga.
Effektive dugnadsarbeidarar! Marknaden stengde kl. 17. Ein effektiv ryddegjeng gjorde ein flott innsats for å rigga om frå marknad til revy og folkefest om kvelden. I gymsalen blei det på ein blunk rigga om frå kafébord og stands til om lag 300 sitjeplassar for revyframsyning. Ute i gongen blei det rigga opp ein spesiallaga bardisk. På kjøkkenet blei gryter og kakerester rydda bort. Ute blei skilt tatt ned og torgbord rydda vekk. Dei blei knapp tid til eigenpleie før kvelden,- men alle blei innvilga ein kjapp tur heim for å dusja og kle seg om.
Klare for revy! Så var vi igong igjen. Folk kom blide og feststemte. Alle var på plass i salen då revyen starta kl. 20. Budeiene på kanten viste seg å vera morosame og engasjerande og dei viste tydleg speleglede. Då 2.delen av revyen var ferdigspela kunne ein nøgd Marknadssjef dela ut blomar til revyartistane.
Frå revy til fest! Ikkje før hadde applausen lagt seg, så var ryddegjengen i gong igjen. På rekordtid blei salen rydda og kosta og på nytt gjort i stand til fest. Då dørene blei opna for dansen var bord og stolar på plass,- dukar og lys på borda og hyggjeleg lys frå lampettar og lysrekker langs veggene.
Jostein Sørveit spelte opp – og folk let ikkje venta på seg. Dansegolvet var fullt på ein blunk. Stemninga var på topp. Det var tydeleg at folk kosa seg. Veldig kjekt å sjå at vi kan ha det hyggeleg i lag med ein aldersspreiing frå 18 til 80 år! Det var sjølvsagt flest gjester heimehøyrande på Bjoa, men her var og mange gjester frå nabobygdene og tilreisande frå Stavanger i sør til Bergen i nord. Dansen gjekk ut dei små timar. Klokka to var det slutt. Då takka vi for ein hyggeleg kveld. Igjen sto det rydding på programmet. Tida det tok frå det var slutt til alle gjestene hadde forlate lokalet blei nytta godt. Salen blei rydda og boss blei fjerna frå kjøkenet. Så var det heim og sova.
Dagen derpå! Søndag kl 12 var det på’an igjen. Heile skulen hadde vore i bruk til marknaden – så det var mykje bord og stolar som skulle på plass. Skilt og skiljevegger skulle køyrast vekk. Restvarer teljast opp. Overskot av plast og papirvarer pakkast bort. Det skulle kostast og vaskast.
Med det utruleg kva ein får gjort på nokre timar når alle veit kva dei skal gjera! Søndag ettermiddag var alt ryddig og reint igjen. Rett nok var det vel nokre elevar som kan hende ikkje fekk att akkurat den stolen eller den pulten dei hadde før helga,- men såpass må ein rekna med etter ein helg med aktivitet for heile bygda!