Den uformelle St.Hansfeiringa i Gardavikjo samla over 70 Bjoabuar og nokre få hyttefolk.
Overskya himmel og kraftig regn tidlegare på dagen var ikkje noko hinder for Grendautvalet og Bygdeutviklingsprosjektet som la opp til St.Hansfeiringa i Gardavikjo. Bjoabuar er ikkje pysete i utgangspunktet - og denne gongen vart innsatsen belønna med opplett og lun samling ved stranda i Gardavikjo - noko som ga ei fin ramme rundt feiringa for dei mange frammøtte. Det blei grilling på store grillar som var sett fram. Og folk såg ut til å hyggja seg godt i lag! I stranda leika store og små barn og leikelystne vaksne - rundt borda gjekk den hyggjelege grannepraten. Etter kvart blei det flotte bålet tent - det lyste opp i kveldsskumringa og ga god varme. Bu-og oppvekstgruppa hadde skaffa gevinstar til lotteri for å få inn pengar til innvendig oppussing av hytta. Og som vanleg var dei frammøtte flinke til å kjøpa lodd! Foto: Marit Eikehaugen
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.