Vellukka visekro
Av: 05.11.2000
Den første visekroa på Bjoa blir kanskje ikkje den siste. Fredag 3. November arrangerte Bjoa kulturforum visekro på Buo. Mange hadde lyst til å bli med og det raskt utseld for bilettar.
Det blei ein vellukka kveld. Ølen visegruppe stilte med dyktige musikerar/songerar og starta kvelden med ein flott konsert.
I pausen blei det tilbudt ein flott ostebuffet. Etter ein engasjert og proff konsert var fleire engstelege for at ingen turde ”hoppa etter ”Wirkola” når ”open scene" stod på programmet. Bekymringa viste seg å vere heilt ugrunna.
Festdeltakarene var inspirerte og resten av kvelden (og langt ut i dei små timar) blei fylt med planlagde og spontane innslag med viser, rock’n roll, dikt, stev og gode historiar.
Tilbakemeldingane på kvelden har vore udelt positive og mange har allereie snakka om å lage ein ny visekveld. Kanskje eit anna resultat blir Bjoa visegruppe(?). I allefall er det mange som vil til skreddaren for å få sydd seg bukse…..