Foto:

”Vi er ikkje fleire i dei to kommunane våre enn at det betyr noko kva den einskilde av oss meiner”

Av: Elin Arianson 17.09.2004

I forkant av folkemøtet om kommunesamanslåinga har Bjoanett tatt ein prat med Sonja Bjørknes. Vi finn ho i kontorfellesskapet på Buo der ho har kontordag ein dag i veka,- noko som sparar ho for pendlinga som ho driv med resten av veka.

Sonja kjem opprinneleg frå Haugesund, men gjorde Bjoabu av seg for 4 år sidan. Ho jobbar med miljøretta helsevern i Haugesund og bur på eit småbruk på Utbjoa i lag med mannen Kristian og dottera Birgitte (1år).
Sonja meiner det er viktig at folk generelt engasjerer seg i prosessen med komunesamanslåinga. ”Vi er ikkje fleire i dei to kommunane våre enn at det betyr noko kva den einskilde av oss meiner”, seier ho.

”Eg er bekymra for skulestrukturen i den nye kommunen. I ei tid der den største helsefaren for befolkningen er inaktivitet ser eg det som uheldig å la elevane sitja meir enn høgst nødvendig på skulebussen. Faktum er at på landsbygda er mange ungdommar mindre fysisk aktive enn i byane,- dette fordi det ofte er lange avstandar til fritidsaktivitetar og barn og unge blir dermed i større grad frakta med bil ”
Dette er ein av grunnane til at Sonja meiner det er viktig å oppretthalde skulesktrukturen slik den er i dag.
”Det ville vera katastrofalt å miste barneskulen”, seier Sonja.

Vidare meiner ho det er viktig at vi får til å bli ein kommune,- utan for mykje konkurranse/konfliktar innad i den nye kommunen. ”Plassering av ulike tenester er ei stor utfordring i høve til at alle skal bli fornøgde. For innbyggjarane er det viktig at tenestetilbodet i den nye kommunen er like godt og like tilgjengeleg om i dag,- helst bør det bli noko betre”, seier Sonja.

Og ho held fram:”Det viktigaste no er at folk engasjerar seg og seier ifrå kva dei meiner – å komme med meiningane i etterkant av at sakene er avgjort blir for dumt. Dette gjeld også på kommuneplanet. Det bør ikkje vera slik kommunen blir handlingslamma og ”melder seg ut” i ulke samanhengar begrunna med at dei har nok med sjølve samanslåingsprosessen. Sjølve samanslåingsprosessen og omorganiseringa som følgjer av dette er eit glimrande høve til å sjå på nye måtar å gjere ting på – derfor bør forslag om nye ordningar møtast med interesse og handlekraft, heller enn avvising begrunna med at vi må vente til den nye organisasjonen er på plass.”