Foto:

Vikestølsmarsj i sommarvarme

Av: Steinar Skartland 13.09.2004

Svært mange frå Bjoa og Vikebygd gjekk til Vikestølen søndag 5. september. Då var det Vikestølsmarsj, hesteskokasting og lapskaus i sommarvarme.

Søndag 5. september var det på med fjellsko og ryggsekk for å delta i den årlege Vikestølsmarsjen. Sjølv om det var overskya og litt skodde i fjellet, var temperaturen nede i bygda på over 20 grader, og på turen oppover trefte eg fleire familiar i same ærend som meg. Truleg var dei mellom 160 og 180 likt fordelt frå Bjoa og Vikebygd, men også frå andre bygder i distriktet. Nokre småsprang glade av garde på små, korte bein, andre måtte berast av far eller mor. Men mellom dei mange vaksne var også ein god del som alt i lengre tid har motteke pensjon etter eit langt arbeidsliv.

Vel framme på Vikestølen vart vi møtt av lukta av kaffi og lapskaus. Hjørdis Marie og Geir Vårvik hadde hendene fulle i kiosken der ein også kunne få seg sjokolade, brus og godteri. Utanfor hytta, der det hadde benka seg ein stor flokk turgåarar, hadde Dag Nagel Alne oppsyn med meisterskapen i hesteskokasting. Vinnarane i denne konkurransen vart: Eivind Gangstø (Menn), Hilde Pedersen (Damer), Mandius Vårvik (Gutar) og Johanna Bakkevik Bjordal (Jenter).

131 deltakarar betalte ein liten kontingent og fekk deltakardiplomen, som i år var teikna av Bodil Ryvik Skartland frå Vikebygd.

Det er idrettslaga i Bjoa og Vikebygd som har ansvar for hytta og har oppnemnd styret med Edmund Steinsland, Kristian Pedersen og Audun Haraldsen frå Bjoa. Frå Vikebygd er Johan Owe, Geir Vårvik og Dag Nagel Alne med. Dei reknar med at det årleg er over 1000 turgåarar som er innom stølen. Her kan desse skriva seg inn i ei gratis-loddbok, og er såleis med på trekning av ein ryggsekk. I år var denne loddboka dessverre komen bort, så styret for Vikestølshytta valde å gå gjennom den vanlege gjesteboka, og skriva opp alle namna som var skrevne inn der det siste året. Mellom desse vart Reidun og Tønnes Tønnesen frå Vikebygd trekte ut som vinnarar av sekken. Det vart også seld lodd til inntekt for hytta, og styret rettar stor takk til alle dei som ga gevinstar og til dei som kjøpte lodd. Smilande kunne mange vinka farvel med gevinst i hand då dei la ut på heimturen.

Arrangementet vart svært vellukka, noko som ikkje minst skuldast det gode humøret som desse glade vandrarane hadde med seg opp til stølen søndag.