Foto:

Vikestølsmarsjen i sommarsol

Av: Steinar Skartland 14.09.2002

Over 200, i alle aldrar, tok turen til fjels i sommarvarme og sol søndag 8. september.
Til tross for usikre vermeldingar, så vakna vi til solskinn og flott ver søndag 8. september. Dagen då idrettslaga i Bjoa og Vikebygd inviterte til den årlege Vikestølsmarsjen. På veg oppover såg eg mange familiar som var undervegs i shorts og T-skjorter, som om det skulle vore midtsommars. Litt fleire i talet på dei som kom frå Bjoa, men også god deltaking frå Vikebygd. I tillegg var det ein del langvegsfarande frå andre bygder og frå Haugesund.

Oppe ved hytta var det om lag 200 store og små som samlast, og fekk utdelt diplom for deltaking. I år var denne teikna av Elisabeth Gausvik frå Vikebygd, etter teiknekonkurranse på mellomtrinnet ved Vik skule. På stølen kunne ein delta i hesteskokasting, kjøpa lodd, eller få seg mat. Lapskaus, kaker, brus og kaffi stod på menyen for dei som ikkje hadde med seg niste sjølve. I det fine veret sette folk seg til ute på terrassen ved hytta, med andletet vendt mot sola. Praten gjekk godt, mens kaffien minka i kannene, og brunfargen vart endå tydelegare hjå turgåarane. Geir Vårvik som hadde rigga opp ein utekafeteria her i fjellet måtte konstatera at mat og kaffi etter kvart tok slutt, og det vart liten trong for å bera noko av den heim att etterpå.

Vinnarane i hesteskokastinga vart:
Jofrid Johannesen Vølstad (jenter)
Berit Knutsen (damer)
Erlend .. (gutar)
Arnulf Utbjo (menn)

Dei som tek turen opp til Vikestølen i løpet av året, har høve til å skriva seg inn i ei bok med gratis lodd. Ei oppføring for kvar tur. Så blir det trekt ut ein ryggsekk mellom desse på Vikestølsmarsjen. I år var det 758 som hadde skreve seg inn, og sekken vart vunnen av Karl Johan Granberg. Men talet på dei som har vore innom Vikestølen siste året er nok vesentleg større, då ikkje alle skriv seg inn i boka.