Vikingferd i sportsbil.
Av: Mr.B 01.09.2001
Kva er det så forflyttar seg med 170 km/t gjennom eit tidlegare Sovjetisk skogslandskap, er ca. 4,5 meter lang, 1,6 meter brei og snakkar vestlandsdialekt?Dersom du gjettar at det er to Bjoabuar på ein slags vikingferd i ein klassisk to-seters sportsbil med prøveskilt, ja då har du heilt rett.
Ein kan vel lura på korleis to Bjoabuar har forvilla seg inn på tidlegare Sovjetisk territorium. Den mest sannsynlege forklaringa hadde vel vore at dei hadde kjøyrt feil i ei rundkjøring i Stockholm.
Vel,det er ikkje heilt slik det er. Akkurat som vikingane var i stand til å navigera og heile tida visste kvar dei var og kor dei skulle, visste me godt kor me var og kvifor me var der.
- Historia byrja i Århus i Danmark for nokre veker sidan. Der stod det ein bil til salgs. Me vil ikkje røpe kva bil dette er, det skal Bjoanett-lesarar få gjetta. Nokre tips skal me gje underveis, men svaret får ingen før i neste bolk. Underteikna utlovar herved ein premie til den første som klarar å gjette kva kjøyrety det dreiar seg om. Me gjer ei halv flaske av den nasjonale likøren i landet til førstemann med rett svar. (Forslag kan sendast på mail til bglu@hotmail.com) Underteikna vil forbeholde seg retten til å vurdere kven som er inhabil, då det finnest noken som veit svaret.
- Bakgrunnen for ekspedisjonen var at me visste at i tidlegare Sovjetstatar var det mogleg å få utført arbeid for ein behagelig kostnad sett med norske auger og lommebok. På den andre sida er prosjektet ikkje heilt risikofritt. Å setta frå seg ein sportsbil på ein verkstad i ein landsby i austeuropa er vel det noken vil kalla for gambling. Det er nesten like skummelt så å sette bilen frå seg sjå Sigurd....
For nøyaktig ti år sidan var området me nå kjøyrde gjennom stengt for all ferdsel. Langs heile kysten mot vest var det ubåt og atomvåpenbasar, radarstasjonar og millitærleirar. Leirane står der ennå. Dørane har ramla av hengslene, vindauga er knust og moder natur held på å ta tilbake det som menneska ein gong tok.
Samme standard er det på dei tidlegare kollektivbruka. Det ser ut som folk har jaga ut dyra og gått heim utan å lukka dørene etter seg. Når det har stått slik og blitt herja med av vær og vind i ti år, kan ein sikkert tenkje seg korleis der ser ut.
Folk er i utgangspunktet svært reserverte til oss, men etter klokka tre er det enklare. Etter klokka fem er det for seint. Då er dei fleste det me på Bjoa kallar dritings. Uansett kor lita bygda er har dei minst ein bar. Skjenkerestriksjonane er svært liberale sett med norske auger. Skjenkekontroll og stengetider er framandord her. Prisane i baren er naturlegvis på eit nivå som er tilpassa dei lokale lønsmotakarane si lommebok. Nå er det slik at dei aller ferraste er lønsmottakarar. Dei fleste me treff er arbeidsledige og har såleis god tid til besøk i den lokale baren.
Nasjonalkjensla er sterk. Skremmande sterk. Det nasjonalsosialistiske styresettet tillet det meste i den rettningen og det tok ei stund før eg vart van med å sjå ungar i tre-fire års alderen gå med T-skjorter med hakekors og nazi-symbol. Autentiske nazi-effekter var også vanleg. Først når ein set seg litt inn i historia deira forstår ein kvifor det er slik. Stalin var nok ingen "hyggeleg onkel", og då "Der Fuhrer" kom på besøk i byrjinga på 40-talet vart han sett på som ein befriar. Eg meinar å ha høyrt at Stalin drap meir en 20 millionar av sine eigne. Adolf blir å rekne som ein loddselgar i forhold.
Vegane var overaskande bra. Rette strekningar på fire-fem km er vanleg. Den lengste rette strekninga me kjøyrde var ca. 12km. Det verka endelaust. Vegdekket var så som så, men kom ein opp i litt fart var det som om dei 14 toms radialdekka flaut over dei verste hola i asfalten. Reknar med at dette vart brukt som flyplass under den Sovjetske tia.
Vegane gjekk gjennom enorme skogar. Mil etter mil var det skog. Det skumlaste var ville dyr. I skogane her finnst det ulv, bjørn, villsvin, gaupe og rådyr. Fleire ihelkjøyrde grevlingar såg me og langs vegen.
Kor me er hen? Jo me befinn oss på vestkysten av Estland, sør for ein by som heiter Parnu, eit par timars kjøyretur frå Tallinn som er hovedstaden. Landet har ca. 1,5 mill. innbyggjerar.
Inne i byane Tallinn og Parnu, er det som om ein er i kva som helst vestleg by. Coca-Cola og Mc.Donalds og alt det der. Jentene har siste mote, og narkotikaproblema er på vestlig nivå.
Bensinen kostar ca. halvparten av det han kostar heime i Norge, og det er litt merkeleg for her vert petroleumsprodukta importert.
Det er godt bensinen er rimeleg, for den 2,4 liters seks-sylindra rekkemotoren med to forgasserar drikk eit par liter på mila når me ligg på 5000 rpm. i time etter time.
Plutseleg kjem det noke farande ut i vegen. Der er ikkje villsvin og ikkje hjort. Derimot er det ein fyr i 70-åra på moped som kjem farande ut av skauen og inn på hovedvegen. Bakpå har han ei kjerring med skaut og ein kasse med høns. Då han ser oss vrengjer han mopeden over i grøfta for å unngå kollisjon. I spegelen ser eg ein fortvila mopedførar som går på trynet i vegkanten, og eg ser ei svær kjerring med skaut og ein sky av hønsafjør så fortsatt er i lufta. Eg vil stoppe for å sjå koss det gjekk med fyren, men eg vert råda til å kjøyre vidare.
Når me kom fram var det seint, og me overnatta sjå ein kjenning så eg vart kjend med for nokre år sidan. Dagen etter for me bort til eit lokalt verksted for å få dei til å sjå på bilen. Verkstaden var greit nok det, og det stod ein nylakka Porsche der som dei akkurat var ferdig med. Det såg ut som om dei kunne sine ting, og no stod det berre att å verte enige om prisen.
For å sveise rust i dørken, kanalar og i ramma, samt lakkering utvendig og innvendig, understellsbehandling, nye dekk og nokre andre småting, skulle dei ha ca. 5000 kr. Eg anså dette som ein bra pris, og avtalen var i boks. Heime ville nok dette ha kosta omlag 40 000 kr.
Då gjorde det ikkje noke at dei trengde tre veker på jobben.
Nå var me utan bil men me fekk ordna det på ein spesiell måte. Det var ikkje så mange i landsbyen så hadde bil, men kameraten min kjende den lokale lensmannen, og me fekk utan vidare låna Sierra'en hans i to dagar. Så nå hadde me både bil og sjåfør. Det brilliante med dette var at med denne bilen kunne me kjøyre så fort me ville. Alle visste at dette var lensmannen sin bil, så folk kjøyrde godt til sida når me kom susande.
Reisefølget mitt var meir interessert i å dra inn til byen for å vere der, "for der var det sikkert meir liv" som han sa. Og det hadde han rett i. Eg har avlagt eit taushetsløfte om dette og kan såleis ikkje sei meir om den saka.
Eg sjølv drog tilbake til landsbyen, men det var ikkje akkurat kjedeligt her heller.
Dagen etter for me te Tallin for å ta båten heim. På båten traff me ei jente frå Stockholm så hadde vore i Estland for å få implantert silikon i brystene. Det var visst vanleg at jentene i Sverige gjorde det. "Halva priset samanliknad med sverje" sa ho. Eg fleipa med at ho måtte gå på raudt i tollen. Må jo betale moms på tjenester utført i utlandet kan vete, det er jo snakk om ein verdiaukning. Hu gav blaffen og gjekk på grønt.
- Nå vert det spanande om eit par veker når me skal henta bilen igjen. Står han der fortsatt? Korleis ser det ut?
Dei som fylgjer med på Bjoanett får sjå.
- Siste stikkord om bilen: "Paul Newman" og "ein av verdas mest solgte sportsbilar". For dei som har gidda å lest det heile, skulle det nå vere nok tips her og der til å kunne identifisera bilen.
Fortsettjing fylgjer.