Foto:

Vikingferd i sportsbil part III , heimturen.

Av: Mr. B  01.12.2001

Å få heim att kjøyretyet vart ein større utfordring en eg til tider satte pris på.
I ettertid seier eg til meg sjølv : "Det va no løye så lenge det varte".
(Les også dei to forrige artiklane: Bjoabuar på Vikingferd og Vikingferd i sportsbil.

Fysst må eg takka for dei titusenvis svara som ramla ner i mailboksen min i forbindelse med spørsmålet om kva bil denne historia handlar om. Det var faktisk tre-fire rette svar blant desse. Det var ikkje Opel Fagott eller Lada Sarkofag. Ikkje var det Volksvagen Komplott eller Alfa Romeo GT Impotente 16V heller.
Fysste mann med rett svar var Frode. Stikk innom å hent premien din når det passar. Gje beskjed på førehand så eg kan få arrangert korpsmusikk og duskejenter.

Så til saka:
Etter diverse forviklingar og forseinkingar kom eg meg no avgårde for å henta heim att grombilen. Fly frå Helganes via Oslo til Helsinki. 8 timars venting blant svenskar med dårleg ånde og gjenåsnittligt 20 i iq og 2 i promille så hadde stor trang te å fortella meg at di sko te Thailand og Fillipinene og detaljane om ka di sko gjera der. Å eg så trudde fuddle nordmenn va teite.
Omsider etter ytterligare forsinkingar landa eg i Tallin klokka 2 om natta.
Neste morgon drog eg til verkstaden, og eg må jo innrømma at eg va litt spende på kva eg fekk sjå når eg gjekk inn.

Dei "små justeringane" så gjenstod så dei fortalde om på telefonen va iallefall ikkje overdrevne.
Etter å ha påpeika kor klarlakken måtte pussast ned att å leggast på nytt, spurde eg høffleg kor setene og adle rutene var hen? Også adle dørpakkningane og speila samt resten av interiøret? Kor e tenningsanlegget forresten? Dei varierande klaringane mellom karosseri, panser og spoilerar fekk eg kile noken pakkningsbetar neri, sånn at ikkje lakken sprekke, så får eg ta finishen når eg kjem heim. Her kan ein ikkje henga seg opp i bagatellar.

Etterkvart kom det fram diverse deler frå krokar og krør, men likevel mangla det enno mykje for å få kjerra i kjøyrbar stand. Eg fekk mange forklaringar på kor dårleg stand alt hadde vore i, og at dei hadde sett seg nøydd te å kasta det meste. De va nå litt løye og, for eg e sikker på at eg skifta dørpakkningane før eg reiste frå Oslo med bilen mindre en tre månader tidlegare. Sikkert ekstrem forvittring på grunn av det spesielle klimaet der borte.
- Eg tenkte at de e i allefall ingen vits i å starta nåken diskusjon, så her va det berre å skaffa seg ein øvesikt på det så va nødvendigt for i heile tatt å konna kjøyre bilen. Ferjo eg sko reisa te Stockholm med gjekk samme kveld, så her va det berre å "få ut fingen". Eg hadde i farten gløymt den russiske effektiviteten og handlekrafta.

Det verka som om heile landsbyen kjende te denna bilen, og de mangla ikkje på velvilje i utgangspunktet. Det va folk innom å kikka heile tida, og ein gjeng me gutongar skulka skulen for å henga rondt for å følgja med.
Ein lokal fyr med Mazda 626 sko inn te byn (Parnu), ca 4 mil frå verkstaden, og tilbaud skyss. Når eg kom inn i bilen kunne eg ikkje unngå å leggje merke til den raude varsellampa som varsla tom tank. Eg ymta frampå om me ikkje sko fylla bensin, men fekk beskjed om at han kjende tankmålaren så godt at han visste at det var mellom fire og ei halv og fem liter igjen på tanken. Det sko vara akkurat nok te 8 - 10 mils kjøyring ??
Før me kom te by\'n begynte bilen å "lugga" og eg foreslo igjen at me gjerne sko fylla litt bensin, men det vart avslått.

Det enda sjølvsagt med stopp. Sjåføren konne ikkje ikkje fatta kva som var gale, og kinna og kinna for å få Mazdaen i gang att. Etter fem minutt var batteriet flatt.
Eg bad han åpne panseret og drog fram Leatherman-kniven min og skrudde av bensinslangen. Tørt som i ein ørken. Eg viste han årsaka te problemet og forklarte at no hadde han to problem, tom tank og niks mer spenning på batteriet.
For at det sko vere ekstra hyggeleg hadde vergudane lagt opp te kraftig sludd og regn, kaldt va det og.
Detta hadde eg ikkje tid te, så eg fekk arrangert ein drosje. Han kom etter to timar. Då me for derfrå, dreiv Mazdasjåføren å kraup onna fronten på bilen for å sjå om det kanskje va bensinpumpa det va nåke gale med.
Eg konne jo fortalt han at bensinpumpa sannsynlegvis låg bak med tanken, men eg tenkte at han finne vel ut av det sjølv, eingong.

Etter å ha fått samla inn det nødvendige av rekvisita + nokre seter frå ein lokal bilopphoggar, bar det tilbake til verkstaden. Det var kveld, og tre timar til ferga gjekk. Me måtte på bygda for å få tak i ei plexiglasrute så eg festa med silicon der bakruta skulle vore. Siliconen fekk ikkje tid te å herda, så eg brukte teip for å halda ho på plass.
Setene blei satt laust inn i bilen og resten av interiøret blei slengt inni bak. Nye pluggkablar og diverse blei satt på og det nærma seg endeleg oppstart. Lakkfeila hadde dei utbetra medan eg var i byen, så nå såg det ut te å "gå veien".

Eg høyrde det med ein gong eg byrja å kinne, han va villige, men fekk ikkje bensin. Tom tank. 4 mil te næraste bensinstasjon.
- Det e faktisk mykje lettare å få tak i brennevin en bensin på slike stader, å nesten same prisen, så tanken streifa meg men eg slo det frå meg. Lure på om han hadde gått på 60% Koskenkorva?
Fekk sendt avgårde ein fyr for å henta bensin. De va nå løye og. Va sikker på at det va minst halv tank då eg sette han frå meg. Må vere noke med luftkvaliteten så gjere at bensin fordampa ekstremt fort her aust?

Forklaringa var at dei hadde hatt tanken nede for å komma te å sveisa litt rust. Eg begynnte å få bange anelsar, men eg sa ingenting. Det viste seg at aninga var begrunna. Då bensin vart fremskaffa og påfylld, vart det vått på verkstadgolvet. E de hol i tanken?
Etter ei stund fekk me bilen opp på ein løftebukk, og eg kunne konstatera at dei hadde montert 30 år gamle bensinslangar så hadde konsistens så ein havrekjeks. Heldigvis hadde eg raska med meg eit par meter slange frå byen, så nesten passa.

Det var mindre en to timar te ferja sko gå, og ca. to timars kjøyring.
No starta bilen, og det var berre å hive seg inn i dei "frittståande" setene å legge avgarde. Etter ti minutts kjøyring synest eg at lysa byrja å verte svakare. Viskarane gjekk seinare og. Dashbordet var svart (utan lys) så det vart te at eg kjøyrde med Mag-lite\'n i kjeften for å ha ein viss kontroll. Eg synest det lukta svidd også. Lukta av smelta kablar vart sterkare etterkvart, og tilslutt byrja motoren å fuske. Heldigvis gjekk motoren greit nok når eg skrudde av lysa og viskerane. Problemet var at då såg eg ingenting sjølv om eg tok av meg solbrillene. Det var belgmørkt og kraftig sludd. Glatt va det og, spesiellt for meg så hadde sommardekk.

Jo, det konne vore værre. Tenk om det hadde vore kassettspelar i bilen, og at det stod i ein Rune Rudberg eller Sputnik-kassett så ikkje gjekk an å skru av? Eller tenk om at nåken såg meg uten dei originale Oakly solbrillene så va moderne for fire fem år sidan? Det hadde jo vore flaut. Konne jo øydelagt imaget mitt.

Det va tydeligt at ladinga ikkje virka, og spørsmålet va om kva som kom fysst, ferjeterminalen eller motorstoppen?
Etter ein kjapp håverekning på kor mykje straum eg trengde for å halde liv i tenningsanlegget lenge nok te å klare dei siste ti mila, innsåg eg at eg hadde oddsa mot meg.
Heldigvis dukka det opp ein bensinstasjon, og tanken va å kjøpa eit nytt batteri og fortsetta mot ferga over til sivilisasjonen.
- Det va bestillingstid på ei veke for batterier, og så forseinka vart sikkert ikkje ferga.

Fyren på stasjonen snakka berre russisk, og russisk e for å sei det sånn ikkje mi sterkaste side. Eg angra på at eg ikkje fylgde betre med på skulen. Kan faktisk ikkje huska at me hadde russisk på timeplanen eingong.
Det slo meg at skulesystemet heime er meiningslaust. Det er jo fullstendigt verdilaust å vere knallgod i norsk sidemål når ein aldri får bruk for det. Russisk og Swahili er vel betre å lere seg, då kan ein i det minste ha ein liten sjanse å gjere seg forstått når ein står midt ute i bushen i gamle Sovjet med eit tomt batteri på nattestider.

Fokus var retta på ein ting, og det var å komme seg te ferja på ein eller anna måte på mindre en ein time. Det var ti mil, det var mørkt, det var glatt og bilen hadde "blackout".
- Då dukka det opp i hjernen ein klassisk settning frå ein Amerikansk film eg såg eingong, nemleg "Blues Brothers". Det va noke sånt: "It\'s a hundred miles to Chicago, we got half tank of gas, one package of cigaretts, it\'s dark and we\'re wearing sunglasses. Hit it."

Trur det hadde vore enklare å stått midt ute i Arizona-ørkenen utan siste nummeret av "Se og Hør", en i den Sovjetiske bushen på denne tida av døgnet og året utan strøm på bilen.
Etter forjeves forsøk på å forklare for fyren på stasjonen at eg trengde straum eller slep til ferga, prøvde eg å snakke med ein Ladasjåfør så var innom for å fylle bensin. Tilbaud ein månadsløn for å verte slepte til ferga. Mannen vart tydeleg nervøs å kjøyrde avgarde utan å svare. Det er utruligt kor håplaust og tungvint alt blir når ein ikkje kan kommunisera på same språk. Kanskje eg sko tatt av solbrillene før eg spurde?

Etter ein halvtime innsåg eg at tida hadde ronne ut. Fekk sjå te å "sikra åstedet" og komma meg i hus for natta. Fant ein fyr så eg delte "ei halv ei" med. Han konne litt engelsk, så eg fekk litt info om kor eg kunne få tak i elektrokomponentar. Såg lyst på det no. Berre det vart morgon så sko eg snart vere i "buisiness" igjen.

Problemet var ladinga. Sikringane blåste med ein gong eg sette dei i. Hadde ikkje utstyr, og eg sko gitt mykje for å hatt eit multimeter tilgjengeligt. Prøvelampe lagde eg av eine frontlykta. Fant ut at feilen låg i dashbordet ein stad. Problemet var at alt var smelta samen.
Fekk hjelp av ein lokal elektrikkar så va ekspert på Lada og Ural frå femtitalet. Han hadde eit analogt multimeter så det stod Biltema på. Men det var godt nok. Klokka seks om kvelden funka det. Nye billettar vart fiksa via Nokia 3310. Tre timar til ferga. Lys og lading funka, ja te og med varmeapparatet. Alt va goe greier igjen.

Kom i land på Kappelskjær, ein plass 10 mil utanfor Stockholm klokka 8 neste morgon. Prøveskilta var utgått og det var snøstorm. Men det gjorde ingenting, var jo nesten heime.
Blei stoppa av Svenska Tullmyndigheten så lurte på kor og kaffor. Det tok fire timar før eg va klarerte. Dei såg at det hadde vore sveist på bilen og var på leit etter holrom. Det hagla med spørsmål, spesiellt om tekniske ting ved bilen. Det er klart at dersom ein har ein slik bil og ikkje kan svare på generelle tekniske spørsmål som kor mange sylindrar, kor mange hestar osv, då er det noke så ikkje stemme. Kom i hug dei to mørkhuda som blei stoppa i Kristiansand med ski på taket. Dei visste ikkje fram og bak på skia, og hadde ikkje peiling på kven Bjørn Dælhi var. Klart dei vart sjekka. Bilen deira var ombygd til eit rullande reservoar for det eine og andre.

Etterpå var det Stocholmpolisen sin tur. Hadde aldri sett sånne skilt før. Datoen var utgått, så nye fekk eg arrangert via ein kompis i Førresfjorden så faksa ein bekreftelse på at alt var i orden.
Midt oppe i dette storma det inn minst tjue mann frå polis og tullvesenet med automatiske skytevåpen og skuddsikre vestar. Det viste seg at det var ein fyr frå Litauen så sko ombord i ferja med ein hengar med ein flott båt han hadde knabba i Stocholm. Pågripelse og full action. Håndjern og ulebil. Polisdama beklaga situasjonen, men det er jo sånt så skjer. Eg fekk i allefall kjøyre vidare. Rekna med å vere heime på Bjoalandet i 22:00 tida dersom alt gjekk bra, men det gjorde det ikkje.

Utanom snøstorm og sommardekk gjekk turen gjennom Sverige fint. Då stormen gav seg overtok sterk sol midt i mot, og solskjermar hadde ikkje eg. Eg måtte derfor teipe halve frontruta ovanfrå for å i det heile tatt sjå noke så helst. Jaggu godt eg hadde solbriller!

Rett etter grensa byrja spetakkelet. Det va ei omkjøyring så hadde krøtterstistandard, og ristinga førde til at det elektriske anlegget kortslutta igjen. Fullstendig blackout, og eg fekk trilla meg inn på ein bensinstasjon. Eg fekk triksa de te sånn at lading og lys samt viskarane funka. Det var det eg trengde. Varmeapparatet virka ikkje.

Det vart ein kald natt over fjellet, låg på minus ti og vind med tilhøyrande snøskavlar. Teipa igjen alle luftkanalar for å halde snøen ute og halde på den little varmen så fantest inne. Stoppa her og der i tunellane for å springa nokre rundar rundt bilen for å få opp kroppstemperaturen. Godt at eg har dårleg kondis, ellers måtte eg sprunge fleire rundar.
Det var slaps, is og snø heilt frå Notodden og heim. Det vil sei, 200 meter før eg var heime var det berr veg att. Det var nesten så eg fekk lyst te å kjøyre litt lengre. Bortsett frå ei punktering på venstre bakhjul hadde det gått greit over fjellet. Det gjekk jo litt seint, sommardekk og slaps gjev ikkje det heilt store veggrepet. Klokka var 5 om morgonen då eg kom heim.

Etterpå sov eg i to døgn.

Eg vett ikkje sikkert, men eg trur ikkje eg gjere detta ein gang te, iallefall ikkje fysste veka. Får sjå ka så skjer. Får kanskje åndo øve meg eingong. Ein ska ikkje kjeda seg så mange timane før ein finn på noke.
Eg trur ikkje eg vil anbefala andre å forsøke dette sjølv. Iallefall ikkje dersom du ikkje har gode kontaktar, snakkar Estisk og/eller russisk og har bilelektrisk utdanning og godt med pågangsmot. Eit par teiprullar og ein lommakniv e og godt å ha, det redda iallefall meg.
Økonomisk vart det og så som så. Prisen så var avtalt på førehand var nesten tredobbla då rekninga skulle gjerast opp. I tillegg kom det jo og nokre mindre komplikasjonar underveis............................

Har prøvd å lasta ned nåken bilder av bilen, men vett ikkje om det funkar.
Te dei så e nyskjerrige på bilen, så e det ein 71 modell Datsun 240Z med 6 sylindra motor, to single forgassarar. To seter og bakhjulsdrift. Ska visst vere ein av verdas mest solgte sportsbilar.
Ska visst vere gode bilar, men eg meiner at el.anlegget har noken svakheter.

Nå skal bilen få ein shining og nytt skinninteriør. Ein gjennomgang av diverse tekniske og elektriske detaljar er også nødvendigt.

Dåke ser meg sikkert på vegen til våren. Dåke får fløyta når dåke møte meg, elle halda gått te høgre dersom du ser meg i speilet. Det e jo søren ikkje sikkert at bremsene virkar.

Mr.B.