Bjoa idrettslag har vurdert å opprette ei turgruppe. Før ein går til det skritt, vil me arrangere nokre turar i nærmiljø for å sjå om det er interesse for dette.
Som ein start har idrettslaget tenkt at turane i første omgang skal gå her i bygda, seinare kan me avansere og dra lenger vekk på tur. Bjoa har rike og varierte moglegheiter for turopplevingar. Me kan rusle langs fine skogsvegar, eller me kan klatre høgare til fjells.
Det er eit ønskje for idrettslaget og få tilbakemeldingar, både positiv og negativ, på eit slikt tiltak, for om mogleg å justere opplegget etter Bjoabuen sine ønskjer. Me vil også få erfaring og kontakt med turgåarane som gjer det mogleg å tilpasse opplegget slik at eit nytt og enda betre turprogram kjem frå hausten.
Men altså nå i vår vert det arrangert følgande turar:
TURPROGRAM
nr
Turmål
Dato
frammøte
Turleiar
1.
Bjoadalen, tur-orientering med skattejakt, fint familiearrangement
13.04.
Seinare annonsert
Agnar Naustdal
2.
Basslielva, tur med bål og grilling dersom veret tillet det.
21.04.
Dalsskuret v/ Basslivegen
Ingrid Johannessen
3.
Borgundnuten på Borgundøy
29.05.
Bjoa båthamn
Torunn Hetland og Kjartan Innbjo
4.
Bukkanibbo
15.06.
Eikåsbrua
Siri og Heidi Hammerstad
For tur 1 vert frammøte og turstart kl. 12.00. For tur 2 og 4 vert frammøte og turstart kl. 11.00. For turen til Fjelberg kan tidspunktet vere noko anna. Følg med for nærare annonsering. Dette gjeld for alle turar, plakatar vil bli hengt opp !
Turen til Borgundnuten er eit samarbeid med Bjoa Båtlag.
Litt meir om dei ulike turane: 1. Turorienteringa Kvar vår heng o-gruppa ut postar på eit av sine o-kart. Desse postane blir hengande ute til oktober. Slik kan dei som ønskjer leite etter postane kva tid dei måtte ønskje, og forhåpentlegvis få fleire fine turar ut i skogen. O-gruppa startar denne tur-orienteringa palmesøndag med eit felles arrangement, litt kaffi og kake, samt ei spennande skattejakt. På ein av postane er det denne dagen gøymt påskegodt, er du den heldige finnaren ? Frammøte er ikkje fastsett, sjå oppsette plakatar.
2. Tur til Basslielva Turen startar frå tømmervelteplass på vegen til Dalsbruket. Dette er ein fin og familievenleg tur på grusveg, siste biten går på sti. Me hadde tenkt at turen skulle gå ned til elva kor det blir laga bål og høve til å spidde pølser. Ta med mat og drikke.
3. Tur til Borgundnuten Denne turen blir arrangert i samarbeid med Bjoa Båtlag. Det kan bli ein flott tur; fin båttur over fjorden og ein fjelltur med nydeleg utsikt som løn for strevet. Du må pårekne at heilte dagen går med. Sjå nærare annonsering.
4. Tur til Bukkanibbo Turen startar i frå Eikåsbrua/ ny skogsveg. Me går i byrjinga på denne skogsvegen, men tar av og går sørover, følger Lempedalsfjellet opp til Bukkanibbo. Turen tar ca 2-3 timar opp.
Håpar at nokre av desse turane passar for nettopp deg og at det fristar ! Til slutt vil eg ønskje alle god tur !