Dei så regelmessigt e ute å kjøyre på Bjoavegen har vel kanskje hatt gleda av å møte på eit grønt eksemplar av Amazonen. Då kan dei rekne med at det er Arnfinn så har vore ute på tur.
På syttitalet og tidleg i åttiåra var Volvo Amazon eit vanleg syn på vegane. Dei fleste vaksne har nok eit eller anna forhold til Amazon, på godt eller vondt, men eg vil helst tru at ein har flest gode minne om denne bilen. Det gjeld i alle fall underteikna som har tilbragt mesteparten av ungdomstida si i baksete på slike bilar.
Amazonen var ein solid konstruksjon så viste seg å ha ein gjennomsnittleg levetid så øvegjekk dei fleste andre bilmerke. Amazonen vart ein populær ungdomsbil, noke som dessverre medførte hard beskatning av bestanden. Det er derfor kjekt å treffe på slike bilar nå 33 år etter at dei gjekk ut av produksjon, til fordel for Volvo’s 140-serie.
Amazonen til Arnfinn er ein 66 modell Amazon Favorit med omlag 470 000 km på teljaren. Ein slik tellarstand på ein Amazon betyr at han snart er innkjøyrd. Den skuddsikre B-18 motoren har rykte på seg for å vere noke av det mest slitesterke så noken gong er produsert. I følge Svensk Bilprovning (tilsvarande det norske Biltilsynet) var gjennomsnitts levealder for Amazon rundt 20 år.
Ca. 670 000 eksemplar er produsert i tida frå 1956 til 1970. Volvo Amazon var (og er) for mange ein drømmebil, og Amazonen var den gong ein av Norges mest solgte bilmodellar.
Denne bilen er altså snart 38 år gammal og i tilnærma original stand. Favorit tyder at bilen er ein todørs sedan med tretrinns gearkasse og ”standardutrustning” dvs. uten diverse pyntelister og ekstrautstyr. Arnfinn kjøpte Amazonen på Sand i Ryfylke for to og eit halvt år sidan og er andre eigaren på bilen. Det vil sei at forrige eigar har hatt bilen i over 35 år, noke som tyder på at ein må ha vore rimeleg fornøgd med bilen. Rekner med at Arnfinn kjem til å ha bilen dei neste 35.
Originalt hadde denne bilen 3 trinns gearkasse, men i denne er gearkassen bytta ut i ein med fire gir. Bilen fekk av forskjellige grunnar nytt registreringsnummer ein gong i tida, men Arnfinn har fått registrert bilen med det gamle originale reg.nummeret som bilen hadde då han var ny.
Bilen er ikkje heilt strøken, men han er i god teknisk stand og generellt i det ein kan kalle god bruksstand. Bilen vert brukt dagleg både til det eine og det andre. Arnfinn fortell at Ingrid bl.a nyttar bilen til å transportere gjerdepålar. Eg så trudde du hadde traktor til slikt Arnfinn?
Amazonen er påliteleg og startar alltid. I vinter då det var 23 kuldegrader starta han og gjekk uten problem.
Arnfinn har også ein 70 modell Amazon Sport som han held på å restaurere. Dette er eit prosjekt som han reknar med å bruke eit par år på. Denne bilen hadde stått urørt i ein garage i 15 år då Arnfinn kom over han. Han fortel at det var berre å sette inn eit batteri, fylle på bensin og starte opp og kjøyre heim.
Er det noken så er klar øve at Amazon egentleg ikkje heitte Amazon? På grunn av at eit anna selskap hadde rettighetene til Amazon-namnet, fekk ikkje Volvo lov å nytte dette namnet på bilar så vart eksporterte ut av Sverige. Desse bilane heitte egentleg Volvo 121 eller 122. Eg er ikkje heilt sikker, men eg kan ikkje hugse å noken gong ha sett ein Amazon med emblem der det står ”Amazon”. Men anyway, det er som Amazon denne bilen er kjend i heile verda enten det var lov eller ikkje.
Amazon vart altså ein populær ungdomsbil, og var ein skikkelig tøff så hadde ein gjerne ein Amazon med skamhøvla topplokk, høg tomgang, FM radio og plysjinnredning. Hadde ein slikt gromt framkomstmiddel var ein garantert at ein ikkje kjøyrde åleine heim frå dansen på laurdagskvelden. På den andre sida var det alle engstelege mødres store skrekk at dattera vart kjøyrd heim i ein 70 modell Volvo Amazon tidleg på søndagsmorgonen. (70 modellen hadde nakkestøtter og liggeseter). Då visste mora med seg sjølv at nå var ikkje dattera jomfru lengre... Kanskje hu mor visste dette av eigen erfaring?
Foto: Mr. B