Foto:

Årsmøte i Bjoa Bygdeutviklingslag

Bygdeutviklingslaget hadde årsmøtet den 20. februar og 28 frammøtte fekk høyra om stor aktivitet i 2019. Høgdepunkt frå årsmeldinga:

  • Nettsida <bjoa.no> blei etablert, og BBU har investert om lag 100 000 kr for å få den på plass
  • Gamleskulen på Bjoa er sikra ei trygg framtid som resultat av ein lang prosess med å finna nye eigarar til huset
  • Ny utestove er planlagt i Gardavika i samarbeid med Friluftsrådet. Arbeidet startar etter planen i 2020.
  • Tilskot til turvegar (Bjoavatnet rundt og Ølsdalen - Kolbeinshauglio)
  • Kulturstien på Utbjoa: Arbeidet med oppgradering held fram
  • Boklansering: Praktbok om bygging av trefartøy blei lansert med stappfullt hus på "Haugsbu"
  • Nye gardiner og nytt sceneteppe kom opp i Gymbygget på skulen på rekordtid og med gode bidrag frå fleire lag på Bjoa. BBU koordinerte arbeidet
  • Inventaret frå butikken på Buo blei selt
  • BBU har foreslått kandidatar til fleire kommunale prisar, og Sanitetsforeningen gjekk heilt til topps i sin klasse
  • Bygdehuskjellaren, der Bjoa 4H og Bjoa Boksamling held til: BBU har gitt eit stort tilskot til oppgradering av møterommet

Nils Terje gav årsmøtet eit gjensyn med mange av Arnulf Utbjoe sine bilete frå små og store hendingar på Bjoa. Stor suksess!

Kristian Resset orienterte frå lokalpolitikken, og alle var etterpå med på ei ide-myldring over eit kjent tema: Korleis kan me få fleire unge til å busetja seg på Bjoa?