Arkivert
Foto:

Årsmøte i Bygdeutviklingslaget 28. mai kl 19:00

Det skjedde mykje på Bjoa i 2025, og det reflekterer aktiviteten i Bygdeutviklingslaget. Torsdag 28. mai kl 19:00 er det årsmøte i laget og styret legg fram årsmelding og rekneskap for godkjenning pluss forslag til endring av vedtektene. Dokumenta ligg som vedlegg nedanfor.

Saklista:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Val av møtestyrar og medunderskrivar av møteboka
  3. Godkjenning av årsmelding for 2025 (vedlagt)
  4. Godkjenning av rekneskapet for 2025
  5. Vedtektsendring (forslag vedlagt)
  6. Val

Det vil vidare bli orientert om framdrifta med Montessoriskulen og andre prosjekt i bygda.

Me serverer kaffi og kaker til drøsen etter årsmøtesakene er ferdige.

Vel møtt!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.