
I etterkant av at kommunen la ned den kommunale skulen på Bjoa, fastsette kommunestyret vilkår for etterbruk av bygningar og eigedom. I tillegg til vederlagsfri overdraging av bygg og eigedommar til BBU, gjorde kommunen vedtak om å betala 3 mill. kr til BBU for å setja laget i stand til å driva og vedlikehalda Bygdahuset i 15 år. For å riva skulebygget blei det avsett 1,5 mill. kr til BBU, men ved delvis riving ville rivingsvederlaget bli redusert tilsvarande. I tillegg fekk BBU 500 000 kr til brannsikring av Bygdahuset. På toppen av dette blei det lova kommunal assistanse og økonomisk støtte til planarbeid for utvikling av skuleområdet, innanfor ei ramme på 250 000 kr.
Skøytet på eigedommane med bygningar vart tinglyst i Kartverket den 21. mai 2026, og BBU har frå den dagen vore eigar på vegne av Bjoabygda!
I dag vart overdraginga markert i eit overtakingsmøte. Kommunedirektøren deltok frå kommunen, og han blei først vist rundt i den nyoppussa skulen. I det formelle møtet etterpå la BBU fram ei liste over utført rivingsarbeid med tilsvarande dokumentasjon over kostnadane. BBU varsla at me kjem til å senda krav om å få dekka desse kostnadane (snaut 490 000 kr), sidan vedtaket frå kommunestyret opnar for kompensasjon også ved delvis riving.
I møtet blei det også drøfta fordeling av felleskostnader (brøyting, strøying osv) mellom BBU, barnehagen og skulen, resterande papirarbeid vedkomande tilkomst og parkering for barnehagen, og avklaring om barnehagen sitt behov for bruk av Bygdahuset / Gymsalen. I det siste spørsmålet er Husstyret for Bygdahuset heilt sentrale, sidan dei skal stå for utleige og den daglege drifta av huset. Leiar i Husstyret Nils Terje Oma lova konstruktive samtalar for å tilby Barnehagen best moglege arbeidsvilkår.
Avslutningsvis ønskte kommunedirektøren Bjoabygda lukke til med "ny" skule og Bygdahuset, og Bjoabuen kvitterte med takk for godt samarbeid!
