Arkivert
Nils
Foto:

Bjoa 4H : Haustfest 2023

Bjoa 4H sin haustfest er staden der ein kan få innsyn i kva ungdomen i bygdene driv med. I tillegg kjem det fram gjennom underhaldninga kva dei tenkjer om samtida. Slik blei det i år også.

«God Kveld Bjoa» var ramma for underhaldninga som bygdefolket var invitert til denne søndagen, 29 oktober.

Frå scena var det mange drivande gode innslag. Det handla både om livet som avløysar hjå Øystein Sandsgård og mødrene sine bok-klubbar.

Vilde Sandvik leia programmet saman med Jonas Sandsgård, som begge også var plakettmottakerar.  

Det store høgdepunktet kvart år er utdelinga av plakettane. I år fekk Vilde Sandvik, Jonas Sandsgård og Viljar Skålnes Solheim den høgthengjande heidersprisen. 4H plaketten får ein etter 7 års medlemskap og tilsvarande mange løyste oppgåver - altså ein mangeårig maratondistanse.

22 medlemmer hadde utstilling i år og oppgåvene blei viste fram på haustfesten. Blant dei beste var Christoffer Heggebø Sandsgård si utstilling. Han har tatt jegerprøven og lukkast med jakta.