
BjoaBadstua – fire månader med varme og trivsel!
Badstua har snart vore i drift i fire månader, og mange har allereie funne vegen ned til varmen og det gode velværet i Vedvikjo. På Luciadagen var dei fleste godt erfarne badstuegjester, men kvar veke kjem det også nye brukarar –og det er framleis plass til mange fleire!
Les meir om badstua her: Bjoa badstua- Bjoa.no
Fellesbadstuetimar
Me har to faste felles badstuetimar kvar veke:
Laurdag 13. desember var stemninga ekstra magisk, med lussekattar, julelys, julete ogkvite luar og handkle. Det vil bli fleire små og store badstuearrangement framover. Neste høgdepunkt er romjulsbadstuetime 27. desember.
Bestill time
Medlemskap– halv pris og perfekt julegåve!
Som medlem får du halv pris på alle timar. Medlemskapet gjeld frå dato tildato, så dette er ein strålande julegåveidé! Kjøp medlemskap her: Medlemskap
Fullfinansiert badstue – tusen takk!
Luciafeiringa var også ei markering av at badstua no er fullfinansiert! Me hartidlegare fått tilskot frå Sparebankstiftinga SR-Bank, Sparebanken Vest,Vindafjord kommune og Yogafarmen. I haust har me også fått støtte frå Bjoa Sanitetsforeining og SØK. Tusen, tusen takk til alle som har bidrege både med dugnad og penger!
Me jobbar med betre marknadsføring
Fleire har etterlyst meir synleg informasjon om badstua. I tida framover kjem det opp plakatar rundt om i bygda – håpar du ser ein av dei! Plakaten ligg også som vedlegg her.