Arkivert
Annette Velde Sande knuste løyperekorden for kvinner. Foto Grethe Nygaard (Arkiv HA)
Foto:

Bjoa Halvmaraton med rekorddeltaking og ny løyperekord for kvinner

Bjoa Halvmaraton gjekk av stabelen den 1. oktober i strålande haustvêr.

Idrettslaget rapporterer om eit prikkfritt arrangement med rekordmange deltakar; heile 51 stk sprang den halve maratondistansen frå Bjoa Skule til Bakkafossen og tilbake. I tillegg sprang 16 løparar 10 km. I barneløpet rundt banen deltok 50 born, og leiar i Bjoa Idrettslag, Egil Gangstø, er storfornøgd med arrangementet.

Bjoa halvmaraton er nå ein tradisjon, seier Egil, og påmeldinga til neste års halvmaraton blir snart lagt ut. Deltakarane skrytte av den varierte og fine løypa i vakker natur, seier han.

Stian Haugland vann herreklassen med tida 1.21.18. Det er ei sterk tid, men ikkje ny løyperekord. Ny løyperekord vart det derimot i kvinneklassen: Annette Velde Sande sprang inn til 1.33.18 og knuste dermed løyperekorden frå ifjor med over 13 minutt. Me legg også merke til fleire spreke Bjoabuar på resultatlista, som ligg på denne lenka:

https://live.eqtiming.com/59398#dashboard

Trygve Vaka med lokale røter, sprang inn til tredjeplass på tida 1.25.25, og her får han støttande tilrop og flaggvifting frå kjensfolk og familie i det han rundar siste svingen på Baslivegen på veg tilbake til skulen.