Arkivert
Foto:

Bjoabuen Knut Omdal kjem til å røra mange med boka: «Å berøre stjerner»

Knut Omdal kjenner me til dagleg som Bjoabu, travel lege og positivt engasjert i levande bygder.  Det siste året har han stått i bresjen for det store vedlikehaldet på Bjoa kyrkje.

Mange veit kanskje at han også er ein habil saksofonist. Nå har han skrive boka « Å berøre stjerner», og der spelar han på heilt andre strenger.  Det er ei svært personleg bok om livet med Susanne i gode og vonde dagar.  Opningsorda slår an tonen i den sterke forteljinga om kjærleiken mellom Knut og Susanne:

«Min kjære! Flere ganger om dagen stiller jeg spørsmålet: Hvor er du? Er du her?»

Som ung legestudent i Danmark møtte han henne. Ho hadde hestehale, frekner og smilehol. Saman opplevde dei å finna det me alle leitar etter - den store kjærleiken. Knut lar oss følgja samlivet deira gjennom kvardagar og festdagar, gleder og utfordringar. Me får også eit innblikk i arbeidsdagen til Knut som lege – til tider både vanskeleg og oppslukande, men også kor meiningsfylt og givande det er å kunna hjelpa andre. Boka er ein historie om å bry seg, og om å sjå det store i det små. Men mest av alt er boka ei sann historie om å elska - høgt, djupt og inderleg - og om å bli elska tilbake.

Forlagskonsulenten omtaler boka slik: «Dette er en velskrevet historie, først og fremst om dyp, dyp kjærlighet. Det er lystbetont å lese fra ende til annen. Kjærlighetsforholdet mellom de to hovedpersonene er mesterlig ordlagt. En ekstra bonus for leseren er at vi inviteres inn i fortellerstemmens tankebaner på en så medrivende måte, at vi knapt merker noe til det - før vi befinner oss der. Dermed er leseren med på forfatterens tankereiser, som om det er vi som leser som er der. En vanskelig ordkunst å få til».  

Boka kjem etter planen ut 4. juni, og Knut vil invitera til bokslepp på bygdehuset Haugsbu den 12. juni mellom kl. 15 – 18.  Då vil det bli høve til å slå av ein drøs med forfattaren og få signert bøker.  

Bokslepp blir det også fredag 11. juni kl. 1900 på Nesheimstunet. Forfattaren vil då signera bøker, snakka om boka, om kjærleiken og om legelivet. Samstundes kan ein nyta velsmakande mat og drikke.

Påmelding/billettar:goticket.no/events/1268/boklansering-ber-re-stjerner

Bjoa.no gratulerer forfattaren medei lettlesen og viktig bok!