Arkivert
Privat
Foto:

Bjoajente klatrar til topps

Anna Vivelid frå Bjoa gjorde ein knallsterk innsats då årets første Norgescup i ledklatring blei arrangert i Kristansund sist helg. Ho tok tredjeplass blant 27 deltakarar i U16-klassen.  

Ledklatring foregår ved at klatraren har sikringstauet med seg oppover og festar det i karabinkrokar i boltar etter kvart opp klatreruta, mens sikraren står på golvet og sikrar med tauet nedanfrå. Ledklatring er meir krevande enn klatring med topptau, der tauet heng klart frå toppen før klatringa startar. Topptauklatring er lettare - både for klatrar og sikrar.

Dette er ikkje første gong Anna Vivelid viser at ho er blant Noregs beste klatrarar i si aldersgruppe. I mars klatra ho til sølvmedalje i NM for juniorar i buldring i Bergen, mens ho tok ein Noregscup-siger i buldring i Kristiansand i mai. Neste utfordring for klartetalentet frå Bjoa er Nordisk Meisterskap i Helsinki kommande helg.


bjoa.no gratulerer og ønskjer lukke til!

Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meIr informasjon.