Arkivert
Foto:

Bjoaspretten 2020

Gå på tur, kom i betre form og bli betre kjent med bygda di!

Ei vakker brosjyre om Bjoaspretten 2020 låg denne veka i postkassane våre. Ei gruppe turentusiastar med støtte frå BBU og Idrettslaget har laga eit variert og spennande turprogram. Bli med å gå desse 6 turane frå april til oktober 2020.  I brosjyren er dei 6 turane omtalte med god vegforklaring, og det er i tillegg interessante opplysningar av lokalhistorisk karakter for kvart turmål.

Turkart med turmåla markert med Bjoa-logoen

- Me ønskjer å stimulera til auka ferdsel i Bjoamarka og fjella omkring, og vi inviterer derfor til ein uhøgtideleg konkurranse, seier initiativtakarane til bjoa.no.

På kvart av turmåla heng det ein postkasse med eit klistremerke med kodeord. Me ber om at det blir tatt bilete av klistremerka og  kodeorda. Når du har vore på alle dei 6 turmåla, kan du senda bileta og kodesetninga inn til tlf. 936 46 043.

Greier du alle turane før 1. oktober og er under 16 år, får du garantert premie.

Greier du alle turane og er over 16 år, er du med i treknnga av eit gåvekort.

Velkommen ut på tur til desse spennande turmåla og bli med på Bjoaspretten!

Les meir i brosjyra vedlagt!