Arkivert
Foto:

Bjoaspretten 2021

Kom deg ut på desse spennande turmåla og bli med på Bjoaspretten!

Greier du alle turane før 1. oktober og er under 16 år, er du garantert premie.

Greier du alle turane og er over 16 år, er du med i trekninga av eit gåvekort.

På kvart turmål er det ein «post» med ein kode som til saman blir ei løysing (hint poesi). Ta bilete av kvar kode eller hugs dei. Når du har vore på alle dei 6 punkta, kan du senda bileta og løysinga til tlf. 93646043 eller bruke tabellen under og skriva kode og løysingsordet og levera ferdig utfylt skjema til i Bjoasprettpostkassen (postkasse på pantebuo på skulen) innan 01.10.20

Merk skjema med namn og telefonnummer.  Ønskjer du eit ferdigtrykt skjema, finn du det i same postkassen.

Turmåla som vist på kartet:                                                                                                    

1.  Gangstø- Eidet. Parker på velteplass, Gangstø                                              Kode:
2. Jektatjørn. Parkering ved traktorveg                                                                      Kode:
3. Bleng. Parkering på Buo, og her er det lov å bruka båt!                            Kode:
4. Svalesteinen. Parkering ved pumpehuset på Leite                                    Kode:
5. Haukåsen. Parkering ved Dalaskuret ved turvegen til Baslia           Kode:
6. Trollafjell. Parkering Eikås                                                                                                Kode: