Arkivert
Grannar
Foto:

Brevduer i eliteklassen bur på Bjoa

Då Bjørn Ove Helgesen overtok ein slektsgard på Bjoa for eit par år sidan, tok han interessa for brevduer med seg. Noko av det første han gjorde var å byggja eit tilbygg til løa, eit romsleg dueslag. Der held han brevduene sine, om lag 100 på talet. Hald av brevduer er både ein hobby og sport. Bjørn Ove deltek med duer i konkurransar både nasjonalt og internasjonalt, og dette er ein gammal sport med faste reglar.

Dagen før konkurranse må duene leverast til arrangøren (innsetting). Neste dag blir dei så frakta i store kassar til ein felles oppsleppstad. Sleppavstandane varierer frå 100 – 800 km. På førehand er avstanden frå oppsleppstaden og heim til kvart enkelt dueslag nøyaktig oppmålt. Duene blir sleppte samla, men fyk alltid heim til sitt eige dueslag. Dei fleste konkurranseduene har ein elektronisk chip som er festa i ein ring på eit av beina. I det dua går inn gjennom inngangen til dueslaget heime, blir tida registrert elektronisk på ein sensor. Når konkurransen er avslutta, blir gjennomsnittsfarten for alle duene rekna ut ved å dela avstand på anvendt tid frå oppslepp til landing. Farten blir rekna ut i meter per minutt. Med optimale vêrforhold kan dei beste brevduene oppnå ein fart på over 1800 meter per minutt, som tilsvarer ca 110 km/t! Dua med den raskaste gjennomsnittsfarten vinn konkurransen, og  33% av duene kjem på premielista. I disse konkurransane  kan duene få både pengepremiar, pokalar og til og med kongepokal!

Duene lever og flyg heilt fritt, men foring, kvile, overnatting og hekking skjer inne i dueslaget, som er lukka om natta. Bjørn Ove har god kustus på duene sine og treng mindre enn eitt minutt på å få fuglane inn i dueslaget om kvelden. Dette skjer ved hjelp  av ei lokkefløyte. Duene trivst godt på Bjoa, seier Bjørn Ove, der han observerer ein stor flokk i krappe svingar over tunet på Innbjoa.