Arkivert
Foto:

Brua over Dalselvo er på plass

Vindafjord Turlag får tommelen opp og veldig gode skussmål frå alle kanter for sitt djerve prosjekt med å knyta saman Baslivegen frå Dalaskuret og Skredalsvegen frå Bakkafossen. Prosjektet er ikkje heilt ferdig enno, det blir framleis rydda vegetasjon langs vegen og den gamle vegbanen skal grusast. Men arbeidet med brua over elva og den nye vegstubben som knyter dei to vegane saman, er nå nærast ferdig og vegen er godt farbar.

Brua vil opna eit heilt nytt turtilbod, både for vandrande og syklande, og mange gler seg til å ta anlegget i bruk.

Bjoa.no kjem tilbake til den offisielle opninga. Mens me ventar på det: God Tur!